Med hjartet på rette staden
Med hjartet på rette staden
Vi følgjer lensmannskontoret i den engelske bygda Aidensfield, kor det stadig er mykje å gjere. Britisk dramaserie satt på 60-tallet.
Sesong 9 24 episoder
-
1. episodeMaggie har permisjon og koser seg med babyen. Gina får besøk av Terry, som er på rømmen og treng pengar.48 minIkke tilgjengelig lenger
-
2. episodeMaggie har framleis permisjon, men vikaren hennar får influensa. Det skjer innbrot i eit tomt hus Greengrass har tilsyn med. Ei myntsamling er borte.48 minIkke tilgjengelig lenger
-
3. episodeCelia krev at politiet går til aksjon då systera hennar ikkje opnar døra. Danny og Jimmy tek betalt for å reinse avløpsrøyr dei sjølve har blokkert.48 minIkke tilgjengelig lenger
-
4. episodeEin skulekamerat av Ventress kjem heim med den nye kona si. Faith Trueman vil tilbake til Cornwall, og Greengrass har lova å hjelpe henne.48 minIkke tilgjengelig lenger
-
5. episodeEin berømt forfattar kjem til Aidensfield. Ho blir begeistra for Mike og sender stadig bod på han. Greengrass leier valkampen til Wilf Drabble.48 minIkke tilgjengelig lenger
-
6. episodeMike og Jackie vil gifte seg i løynd. Same natta blir eit tog rana, og ein av ranarane blir såra. Isabelle, syster til Greengrass, kjem på besøk.48 minIkke tilgjengelig lenger
-
7. episodeGreengrass prøver å imponere ei gruppe norske turistar med historia til Aidensfield. Mike etterforskar fleire innbrot, og Les Glummer blir mistenkt.48 minIkke tilgjengelig lenger
-
8. episodeGamle Saunders hugsar ikkje så godt. Dottera trur ei forsvunne sølvskål er stolen. Greengrass får pengar for å fikse resultatlista til eit bilrally.48 minIkke tilgjengelig lenger
-
9. episodeSilas får hjarteattakk mens han køyrer. Greengrass sørgjer for å få han på sjukehus. Mike finn ut at syster til Jackie blir pressa for pengar.48 minIkke tilgjengelig lenger
-
10. episodeAidensfield får besøk av filmfolk som speidar etter lokale. Valet fell på Ashford Hall, og der leiger dei gladeleg ut. Men Mike aner ugler i mosen.48 minIkke tilgjengelig lenger
-
11. episodeDon Lomax og familien hans er samla for å følge kona hans til grava. Greengrass prøver å selje farga villkaninar som kjæledyr.48 minIkke tilgjengelig lenger
-
12. episodeMalcolm Colbourne har ein feide med naboen Clegghorn. Det rablar heilt for han då han oppdagar at kona er utru.48 minIkke tilgjengelig lenger
-
13. episodeMike og Craddock leitar etter ein jeger på eigedommen til lord Ashfordly. Familien Kendall har problem, men dottera overraskar alle på julekonserten.48 minIkke tilgjengelig lenger
-
14. episodeMike etteforskar ein serie hotelltjuveri. Ei dame kjem heim til Aidensfield for å leite etter dottera si. Og Greengrass lurer politiet trill rundt.48 minIkke tilgjengelig lenger
-
15. episodeAidensfield får besøk av eksfangen Ray Nixon, og politistasjonen har fått ein ny kvinneleg sjef. Romansen mellom Gina og Andy blir heitare.48 minIkke tilgjengelig lenger
-
16. episodeUnge Sian blir valdteken. Politiet finn gjerningsmannen, som prøver å vri seg unna straff. Greengrass kjøper ein sau og trur han har gjort eit kupp.48 minIkke tilgjengelig lenger
-
17. episodeEin kjend målar får ei svært ubehageleg overrasking i Aidensfield. Greengrass lurer til seg pengar for å hjelpe ei gammal flamme i nød.48 minIkke tilgjengelig lenger
-
18. episodeGary, sonen til Gladys, blir skoten i skuldra då han skal besøkje venninna si. Greengrass får tilbod om å skrive for ei lokalavis.48 minIkke tilgjengelig lenger
-
19. episodeEin ny, kjekk lege kjem til Aidensfield, og Maggie blir sjarmert. Greengrass driv sykkelutleige, men verksemda svarar ikkje til forventningane.48 minIkke tilgjengelig lenger
-
20. episodeGamle Charlie Weller blir funnen død. Ingen har mistanke om at noko er gale, før nevøen reagerer på testamentet.48 minIkke tilgjengelig lenger
-
21. episodeEin verdifull hest blir stolen frå lord Ashfordly, og Roy Brooks blir henta til forhør hos politiet. Greengrass oppdagar at Bernie har eit skjult talent – som medium.48 minIkke tilgjengelig lenger
-
22. episodeDet har vore innbrot hos lord Ashfordly. Mike mistenkjer skogvaktaren. Greengrass finn ein velta lastebil og forsyner seg av innhaldet.48 minIkke tilgjengelig lenger
-
23. episodeFranco Mazzetti døyr, og den eldste sonen, Paolo, tek over forretninga. Men snart hamnar han i klammeri med ein konkurrent.48 minIkke tilgjengelig lenger
-
24. episodeForeldra til Jackie kjem på besøk frå Sør-Afrika. Greengrass og David plukkar opp ein haikar og får seg ei overrasking.48 minIkke tilgjengelig lenger