Med hjartet på rette staden
Med hjartet på rette staden
Vi følgjer lensmannskontoret i den engelske bygda Aidensfield, kor det stadig er mykje å gjere. Britisk dramaserie satt på 60-tallet.
Sesong 11 24 episoder
-
1. episodeDebbie White er 16 år og forelska. Ho trur ho er gravid og går til dr. Tricia Summerbee. Mike saknar Jackie og synest det er vanskeleg å leve åleine.47 min
-
2. episodeDet kjem klager til styresmaktene på dr. Summerbee. Kjærastparet Debbie og Carl er frustrerte fordi foreldra til Debbie nektar dei å vere saman.47 min
-
3. episodeDet går føre seg topphemmeleg overvaking i Aidensfield. Det er mistanke om spionasje. Mike vil ta eksamen for å kunne avansere i jobben.47 min
-
4. episodeNokon har stole verdifulle gjenstandar frå lord Ashfordly. Ventress og Bellamy gjer undersøkingar hos antikvitets- og kunsthandlarar i nærleiken.47 min
-
5. episodeEin mann som nettopp har mista mor si, betaler Blaketon for å gjere undersøkingar i samband med testamentet.47 min
-
6. episodeGeorge Forrester er ein 80 år gammal kunsttjuv som planlegg eit siste kupp i Ashfordly Hall, der Vernon jobbar som omvisar.47 min
-
7. episodeEin gammal rival av Ventress er komen tilbake til Aidensfield saman med kona si. Vernon organiserer missekonkurransen "Frøken Aidensfield".47 min
-
8. episodeEit ungt par flyttar til Aidensfield. Dei ventar barn og ønskjer seg eit fredeleg liv på landet, men det blir ikkje berre idyll.47 min
-
9. episodeMange er sjuke av salmonella. Mike og Craddock prøver å finne ut kvar sjukdommen byrja, og Gina er den første som får mistanken mot seg.47 min
-
10. episodeTricia får besøk av ei gammal venninne som treng ein stad å gøyme seg. Vernon jobbar for å glede innbyggjarane med eit juletre.47 min
-
11. episodeGullsmedbutikken blir rana. Ranaren blir påkøyrd og hardt skadd da han skal stikke av, men utbytet er borte. Politiet set alt inn på å løyse saka.47 min
-
12. episodeEin eldre mann døyr brått. Medan politiet undersøkjer om han hadde pårørande, kjem dei på sporet av detaljerte ransplanar.47 min
-
13. episodeVentress og Nicholson forfølgjer Paul Rogers, ein ung mann som dei veit er fråteken førarkortet på grunn av fyllekøyring.47 min
-
14. episodeVentress får melding om ein låvebrann og har mistanke om at det ligg noko kriminelt bak. Vernon har planar om å starte ein privat kino.47 min
-
15. episodeMike tek endeleg eksamen. Politiet får melding om ein stolen Ming-vase, og dei har mistanke om at det er profesjonelle tjuvar som står bak.47 min
-
16. episodeEin mann har brote seg inn hos Helen Jones, men ingenting er stole. Vernon og David oppdagar ein ung franskmann som har gøymt seg på låven.47 min
-
17. episodePolitiet får melding om innbrot i eit pensjonat. Vernon kjøper ein geiteflokk og seier at han planlegg å selje geitemjølk til helsekostbutikken.47 min
-
18. episodeOm natta blir Tricia oppsøkt av ein mann som er skadd i foten. Mike, Ventress og Bellamy planlegg å overraske Nicholson på 21-årsdagen hans.47 min
-
19. episodeMerton blir skulda for å ha stole ei lommebok, og han blir suspendert frå jobben. Vernon er uroleg for sinnstilstanden til Bernie.47 min
-
20. episodeEi eldre dame blir skadd da ho overraskar ein innbrotstjuv. Det blir gjort innbrot hos Tricia også, og postkortsamlinga hennar blir stolen.47 min
-
21. episodeOliver Langley er med på fasanjakta i området. På ein jakttur skyt han hunden til naboen, men politiet treng bevis for å straffe han.48 min
-
22. episodeJosie Peters er ein flink elev, men far hennar vil ikkje at ho skal byrje på universitetet. Blaketon arvar ei dokke etter komikaren Ernie Dobson.47 min
-
23. episodeGina blir dårleg i eit selskap og må reise heim. Neste morgon vaknar ho i bilen og kan ikkje hugse kva som har skjedd. Ein mann er vorte påkøyrd.47 min
-
24. episodeTricia har ei travel natt med pasientar som treng henne. Gina blir opprørt da Bernie og Vernon set i gang ei verksemd som ho har hatt einerett til.47 min