Med hjartet på rette staden
Med hjartet på rette staden
Vi følgjer lensmannskontoret i den engelske bygda Aidensfield, kor det stadig er mykje å gjere. Britisk dramaserie satt på 60-tallet.
Sesong 17 24 episoder
-
1. episodeDet er lovlause tilstandar i Aidensfield etter at PC Walker forsvann. Sjølv tante Peggy er bekymra for utviklinga.45 min
-
2. episodePC Mason får testa sine evner som politimann då nokon stel tolv shilling frå kyrkja, og eit fotografi forsvinn frå Ashfordly Hall.46 min
-
3. episodeMaskerte ranarar stoppar eit tog like utanfor Aidensfield. Togføraren forsøkjer å stanse dei, men dei kjem seg unna med store verdiar.45 min
-
4. episodeTre pøblar frå Australia skapar trøbbel for fleire av innbyggjarane i Aidensfield. Tante Peggy har lite pengar og får ein idé.45 min
-
5. episodeEit dødsfall og ei kidnapping pregar byen. Og det er meir ved ein gammal Rolls Royce enn det først ser ut til.45 min
-
6. episodeTida er inne for PC Mason til å reise frå Aidensfield, men han er ikkje lenger så sikker på at han ynskjer det.46 min
-
7. episodeJoe og Rachel etterforskar dødsfallet til ein lærar frå byen, og samstundes vert Phil Bellamy gravlagt.45 min
-
8. episodeEin gjest skapar trøbbel for Wetherby, medan Oscar og Ventress jobbar med ei privatdetektivsak og finn ut at dei står i fare for å bli avslørte.45 min
-
9. episodeNokon målar eit marekors på kyrkjedøra i Eltering, og nokre dagar seinare blir gravstøttene velta og spraya med rød maling.45 min
-
10. episodeDerek Gorman har mista førarkortet etter promillekøyring, men meiner politiet har lurt han.46 min
-
11. episodeNokon øydelegg kontoret til Gordon Radford, og det er mange personar som kan mistenkjast. Radford var ikkje på god fot med nokon.45 min
-
12. episodeDen 17 år gamle dottera til ekteparet Middleton forsvinn, og foreldra trur at den amerikanske kjærasten hennar har noko med det å gjera.45 min
-
13. episodeNokon bryt seg inn i hytta til John Harper og stel pengane til den gamle, blinde mannen. Mistanken går til Albert Ross.45 min
-
14. episodeBremsane til ekteparet Knight sviktar. Og medan dette skjer, bryt nokon seg inn i huset deira.45 min
-
15. episodeLegane Carol og Chris er ueinige om kva råd ei gravid tenåringsjente bør få, og pelsmotstandaren Sue Padgett kjem i vanskar.46 min
-
16. episodeEin ung ballettdansar kollapsar i Aidensfield, og dette utviklar seg til ei sak som Joe og Carol må jobbe med saman.45 min
-
17. episodeFolk i Aidensfield er forarga over eit par som stadig let dei to små barna sine vere åleine heime medan dei sjølve sit på puben og drikk.45 min
-
18. episodeEin person som blir utsett for ei bilulykke viser seg å ha kontakt med kriminelle miljø. Kvifor kom han til Aidensfield?45 min
-
19. episodeEit parti med narkotika blir oppdaga av Rachel og Joe, men Gina utset seg for fare då ho blir ven med ein av dei som var innblanda.46 min
-
20. episodeJoe syner Geoff korleis han skal ta kontroll over eit opprør hos veddelaupsagenten. Peggy vil oppmuntre David til å delta på ei samling på skulen.46 min
-
21. episodeEin eksplosjon i skogen skapar rykte om ein meteoritt frå verdsrommet, men politiet mistenkjer kriminell aktivitet.45 min
-
22. episodeEin tidlegare pop-manager vil feire bryllaupet sitt på Aidensfield Arms, men så hender noko frykteleg.46 min
-
23. episodeCarol ber Joe om hjelp då det blir reist mistanke rundt eit uventa dødsfall. Peggy oppdagar ein haug med skrot i bakgarden som ikkje tilhøyrer ho.45 min
-
24. episodeTo nykomlingar i Aidensfield skapar problem for Joe Mason. Innbyggjarane førebur seg til fest, David lærer å spele piano, og ein fødsel er i gang.45 min