Med hjartet på rette staden
Med hjartet på rette staden
Vi følgjer lensmannskontoret i den engelske bygda Aidensfield, kor det stadig er mykje å gjere. Britisk dramaserie satt på 60-tallet.
Sesong 10 24 episoder
-
1. episodeDet blir bråk i Aidensfield da naboane Celia Hanson og Don Foster blir uforlikte. Greengrass og David finn ei ueksplodert bombe.48 minIkke tilgjengelig lenger
-
2. episodeMike og Jackie får stadig mystiske telefonar. Greengrass og Bernie arrangerer ei uvanleg gravferd, og David får ei oppgåve han ikkje meistrar.48 minIkke tilgjengelig lenger
-
3. episodePrestefrua i Aidensfield keiar seg, og dotter til presten har ein hemmeleg kjærast. Greengrass får nye idear og er sikker på stor forteneste.48 minIkke tilgjengelig lenger
-
4. episodePolitikaren Gabriel Firth skal pensjonere seg og planlegg eit selskap for å markere det. Greengrass og David siste idé får eksplosive følgjer.48 minIkke tilgjengelig lenger
-
5. episodeVentress blir overraska av gamle venner som kjem for å feire eit jubileum. Gina har ein vanskeleg nabo som klagar over bråk frå Aidensfield Arms.48 minIkke tilgjengelig lenger
-
6. episodeEnid, mor til Craddock, blir blanda inn i eit mordmysterium og hjelper politiet i Aidensfield med å løyse saka. Greengrass har vinnarlykke.48 minIkke tilgjengelig lenger
-
7. episodeEin farleg forbrytar kjem til Aidensfield. Han er såra, men får uventa hjelp av ein framand mann. I mellomtida etterforskar politiet for fullt.48 minIkke tilgjengelig lenger
-
8. episodePolitiet etterforskar ei rekkje innbrot og mistenkjer elevar frå ei guteskole. Ein gut har rømt, og politiet er urolege for tryggleiken hans.48 minIkke tilgjengelig lenger
-
9. episodeDanny Reece overlever ei bilulykke, men oppdagar at mange pengar er borte. Samtidig får fattige i byen gåver. Nokon leikar Robin Hood.48 minIkke tilgjengelig lenger
-
10. episodeDet er økonomiske problem i Aidensfield, og Greengrass har hamna i eit utriveleg fengsel etter feilslåtte forretningsplanar.48 minIkke tilgjengelig lenger
-
11. episodeMaggie mistenker bror til venninna si for ureint spel når mora deira døyr. Skal ho varsle politiet eller teie for venninna si skyld?48 minIkke tilgjengelig lenger
-
12. episodePolitistasjonen m[ skjule ein tystar i 48 timar. Men dei som vil hemne seg på tystaren, er på sporet. Greengrass har reist til syster si i Karibia.48 minIkke tilgjengelig lenger
-
13. episodeSusan Finlay er ny i Aidensfield, og Craddock let seg sjarmere. Men forholdet blir spent når sonen til Susan blir tiltala for uforsvarleg bilkøyring.48 minIkke tilgjengelig lenger
-
14. episodeJackie får uventa besøk av mor si, Edwina, som bur hos venner i nærleiken. Vernon ser ein sjanse til å tene pengar på ein popkonsert i Ashfordly.47 minIkke tilgjengelig lenger
-
15. episodeVernon rotar seg bort og får ei skrape av politiet. Fru Barton føler seg truga på livet. Er nokon ute etter garden hennar?47 minIkke tilgjengelig lenger
-
16. episodeMike og Jackie har niesa til Mike og venninna hennar på besøk. Lord Ashfordly har besøk av prins Nikolas, som set stor pris på vin og god mat.47 minIkke tilgjengelig lenger
-
17. episodeAndrew Parkin og kona hans blir blanda inn i ei ulykke. Blaketon og Mike får noko å tenkje på.47 minIkke tilgjengelig lenger
-
18. episodePolitiet slit med tenåringar som står bak tjuveri og plagsame påfunn. Vernon blir beden om å hjelpe Edith Fairley, som får eksmannen på uventa besøk.47 minIkke tilgjengelig lenger
-
19. episodeFalske pengesetlar sirkulerer i området, og politiet mistenkjer ein nattklubbeigar. Jackie har problem med å bli gravid og oppsøkjer dr. Summerbee.47 minIkke tilgjengelig lenger
-
20. episodeBernie organiserer si eiga postombering under poststreiken. Lord Ashfordly får uventa besøk av syster si – og ekskjærasten hennar.48 minIkke tilgjengelig lenger
-
21. episodeDavid er blakk, så Vernon overtalar George Walker til å tilsetje David på garden. Gjesteførelesar Adrian Miller tek ein drink med Lisa Preston.47 minIkke tilgjengelig lenger
-
22. episodeEin mann i ein mørk bil blir observert like før ein eksplosjon i garasjen til Frank. Lord Ashfordly og presten Meeks vil restaurere ei gammal kyrkje.47 minIkke tilgjengelig lenger
-
23. episodeGreengrass skriv til David at han vil bli hos syster si. Ein eigedomsmeklar får i oppdrag å selje huset hans i Aidensfield.47 minIkke tilgjengelig lenger
-
24. episodeEin bonde skuldar auksjonarius for å fikse prisen på sauene. Vernon prøver å tene pengar på å selje vatn på flasker, men er vasstestane pålitelege?47 minIkke tilgjengelig lenger