Med hjartet på rette staden
Med hjartet på rette staden
Vi følgjer lensmannskontoret i den engelske bygda Aidensfield, kor det stadig er mykje å gjere. Britisk dramaserie satt på 60-tallet.
Sesong 15 26 episoder
-
1. episodePolitibetjent Miller har mistanke til ein gangster frå London som kjem for å byrje eit nytt liv. Rob vert innblanda i ei ulukke med ein stolen bil.46 min
-
2. episodeAlf går inn i rolla som kriminell i ein undercover-operasjon, men handlingane hans avslører berre skremmelege opplysningar om Miller.46 min
-
3. episodeEin gjeng ungdomar dyttar Peggy ned i eit hol. Miller tek opp jakta på dei, men i tumultane kjem han i skade for å drepe ein eldre tilskodar.45 min
-
4. episodeHeile gjengen dreg for å heie på Rob i ein fotballkamp. Nokre godt vaksne kjeltringar ser ein sjanse til eit siste brekk.45 min
-
5. episodeDå ein av pasientane til Helen brått døyr, blir ho innblanda i ei sak med mistanke om dødshjelp.46 min
-
6. episodeDet bryt ut panikk blant folk i Aidensfield då dei får høyre at ein mordar har rømt frå fengselet. Rob prøver å fange rømlingen.46 min
-
7. episodeEit verdfullt bilete av Manet vert stole frå heimen til ein pensjonert tysk kunsthandlar, og Miller mistenkjer at lord Ashfordly er innblanda.46 min
-
8. episodeRivalisering mellom grådige sysken fører til ei stygg bilulykke. Eit par slit med pengeproblem da barnet deira får ein livstruande sjukdom.46 min
-
9. episodeDavid hjelper ein venn med å rømme heimanfrå, men den unge guten hamnar i lag med ein framand kar. Ein annan stad har Peggy starta med hundetrening.46 min
-
10. episodeEin kjøpmann vert funnen myrda, og Blaketon vert mistenkt for drapet. P.C. Walker må ta tak i etterforskinga for å reinvaske han.46 min
-
11. episodeDa Miller finn ut at Walker hyra Younger som vikar for seg medan han var på vitjing hjå Helen, kjem dei i konflikt.45 min
-
12. episodePolitiet er i høgaste beredskap da ein mystisk gjest kjem til Ashfordly Hall. Og ein gut som er på rømmen, skaper problem i landsbyen.46 min
-
13. episodeDen dømde mordaren Henry Stoddard vert sett fri frå fengselet, og samstundes kjem det meldingar om vandalisme i området.46 min
-
14. episodeBarry Dyson vert skulda for fleire brannstiftingar, og det hemmelege forholdet med dottera til ein tidlegare arbeidsgjevar gjer ikkje saka noko betre.46 min
-
15. episodeEin arving på rømmen vert med kjærasten sin på ei rekkje væpna ran. Men sekstiåra sitt svar på Bonnie & Clyde hamnar i trøbbel og kidnappar Helen.45 min
-
16. episodeEin lokal dommar blir utsett for ein del mystiske angrep. Men saka tek ei uhyggeleg vending då den mistenkte blir funnen død.46 min
-
17. episodeYounger ber Rosie om å lære han å køyre bil. Lord Ashfordly oppfører seg merkeleg etter å ha ete Peggy sin mystiske sopp.45 min
-
18. episodeNiesa til lord Ashfordly kjem på vitjing etter at ekteskapet hennar har rakna. Men så vert hesten hennar vert stolen, og tjuvane krev løysepengar.45 min
-
19. episodeEtter at far hans døyr, mister den lokale bonden Colin alt han eig på ein auksjon. Debbie, kona til Bellamy, vert tatt for fyllekøyring.45 min
-
20. episodeBernie vert målet for ein serie valdelege og mystiske angrep, noko som gjer Rosie uroleg. Ein framand frå Helen si fortid kjem til byen.45 min
-
21. episodeEin død kropp vert funnen i elva, og mistanken fell på Debbie Bellamy som fleire vitne såg flykte frå staden.45 min
-
22. episodeEin venn frå militæret kjem på vitjing til Miller. Medan Debbie er bortreist får Bellamy mykje hjelp og stønad av Gina - litt vel mykje, tykkjer Jack.45 min
-
23. episodeRob og Helen skal gifte seg. Dei har planlagt ein liten og roleg seremoni, men resten av Aidensfield vil det annleis.46 min
-
24. episodeEin bil med ein medvitslaus mann blir funnen i grøfta. Samstundes har nokon stole sauene frå Len Hallets gard. Kan det vere ein samanheng?45 min
-
25. episodeDavid er lei av å bli kommandert rundt av tante Peggy og skaffar seg jobb hos vindaugspussaren Topsy Turner. Men Peggy gir ikkje opp David så lett.45 min
-
26. episodeDet er fredeleg på politistasjonen i Ashfordly. Nesten for fredeleg. Det er rett og slett stille før stormen.46 min