Med hjartet på rette staden
Med hjartet på rette staden
Vi følgjer lensmannskontoret i den engelske bygda Aidensfield, kor det stadig er mykje å gjere. Britisk dramaserie satt på 60-tallet.
Sesong 14 26 episoder
-
1. episodeEin nykomar skapar uro på Ashfordly politistasjon. Rob Walker er oppvaksen i Aidensfield, men faren heldt seg ikkje alltid på den rette sida av loven.46 min
-
2. episodeInnbyggjarane i Aidensfield vert terroriserte av ein utpressar. Vernon kastar seg ut i eit nytt forretningseventyr, godt hjelpt av David og Bernie.46 min
-
3. episodeRyktet til politiet står på spel når ein av dei vert mistenkt for å stå bak ein serie innbrot i Aidensfield. Vernon kastar seg over kunstmarknaden.45 min
-
4. episodeBlaketon kjem i ein kompromitterande situasjon når politiet etterforskar eit ran som Blaketon veit noko om. David får ein ny hobby – og trøbbel.45 min
-
5. episodeMerton må tilkalle etterforskarar frå sentralt hald da kroppen til ein bonde vert funnen hengande i eit gjerde. Vernon syner stor fantasi.45 min
-
6. episodeBellamy blir offer for hemnlyst og får vekt vonde minne. Slektningar på besøk omringar lord Ashfordly, og Vernon startar ei verksemd med skrota bilar.46 min
-
7. episodeMerton trur sprengstoff frå ein lokal flyplass er knytt til eit ran. Vernon ser ein sjanse til å tene pengar da David kjem over ei sjeldan plante.45 min
-
8. episodeVæpna ranarar stel diamantar frå halsen til ei kvinne. Merton treng hjelp til å fakke tjuvane. Ben og Liz deler uventa nyhende.46 min
-
9. episodeEin tidlegare offiser vert funnen død i heimen sin. Mistanken fell på den pengefikserte kona. Rosie vert meir ettertrakta enn ho likar etter ein date.46 min
-
10. episodeEin pensjonert politimann vert drepen mens han er på veg til Spania med ei mystisk kvinne. Merton får den tunge oppgåva å fortelje enkja om detaljane.46 min
-
11. episodeEin ny dokter kjem til Aidensfield, og Merton vert sett under press når Jenny er overtydd om at han er utru.46 min
-
12. episodeEi kidnappingssak skapar kaos i Vernons planar for bryllaupet til Liz og Ben. Jenny er glad for å få ein diagnose, men mannen får eit vanskeleg val.46 min
-
13. episodeEit jazzband som har sett betre dagar kjem til Aidensfield for å spele julekonsert. På vegen dit får ei ung kvinne med eit lite barn haik med dei.46 min
-
14. episodeWalker blir konfrontert med si eiga fortid når han set i gang uoffisiell etterforsking av ei rad valdelege ran. Ei mystisk dame dukkar lagar trøbbel.46 min
-
15. episodeBellamy og Walker jaktar på eit parti stolne russiske ikon. Vernon kastar seg inn i ein ny tankelaus plan når han møter ein italiensk trøffelseljar.45 min
-
16. episodeEin ny politimann kjem til Aidensfield med radikale idear frå byen. Resultatet av dei ambisiøse planane hans blir at Walker mistar jobben.46 min
-
17. episodeEin mann blir funnen død på stranda, og Walker blir tilbydd informasjon om eit planlagt innbrot. Miller vil helst ikkje bli blanda inn.46 min
-
18. episodeKemneren kjem på besøk til Aidensfield, og det skaper panikk. Særleg dei tvilsame og mangelfulle avtalane til Vernon toler dagslyset dårleg.46 min
-
19. episodeClare kjem under mistanke da ein vill fest endar med tragedie og eit narkorelatert dødsfall. Davids tante Peggy kjem til Aidensfield.46 min
-
20. episodeEi kriminell bølgje råkar togstasjonen i Ashfordly. Ein sandwich kan vere eit viktig spor. Peggy har planar om raske pengar under bowlingtevlinga.45 min
-
21. episodeEi ung jente vert skadd i ei rideulukke. Politiet kjem over ein serie tjuveri av dyr. Peggy og David planlegg pokerturnering, men blir nekta på puben.46 min
-
22. episodeEin ung gut vert skadd i ein skyteepisode. Lord Ashfordly vert skulda for å bruke barnearbeidarar. Peggy har fått interesse for turistnæringa.46 min
-
23. episodePeggy gjer alt ho kan for å sjarmere ein rik enkjemann. Det vert uro i lokalsamfunnet når ei vidgjeten mordsak vert tatt opp att..46 min
-
24. episodeEi gruppe unge lovbrytarar kjem til Ashfordly Hall. Snart steller dei i stand uro i landsbyen. Finnarløna for ein sakna hund gjev Peggy ein idé.46 min
-
25. episodeEin mann vert hardt skadd etter å ha blitt påkøyrd av ein ukjent bilist. Politiet vert sett på saka når det kjem fram at det ikkje var ei ulykke.46 min
-
26. episodeGina blir skremt når hunden Alfred finn ei menneskehand i ei søppelkasse. Peggy driv som krypskyttar og har stor nytte av ein fryseboks.45 min