Med hjartet på rette staden
Med hjartet på rette staden
Vi følgjer lensmannskontoret i den engelske bygda Aidensfield, kor det stadig er mykje å gjere. Britisk dramaserie satt på 60-tallet.
Sesong 13 25 episoder
-
1. episodeDa Jason Buck ser at Billy Fletcher snakkar med jenta hans, Lisa, vert han sjalu og yppar Billy til kappkøyring med motorsyklar.47 min
-
2. episodeNattevakten Syd Williams ser at det brenn i eit varehus. Politiet kjem til staden og finn Syd medvitlaus. Vernon tilbyr David å vere butleren hans.47 min
-
3. episodeVernon finn ut at pengar ikkje er alt. Han trivst ikkje i det store huset. Verre vert det når David vert kidnappa, og kidnapparane krev løysepengar.47 min
-
4. episodeMens Aidensfield opplever væpna ran, tenker Jenny og Merton på bryllaup. Bellamy fortvilar over at Gina ikkje vil gifte seg, sjølv om dei ventar barn.47 min
-
5. episodePolitiet etterforskar ein falsk byråkrat og eit mistenkjeleg dødsfall. Blaketon set i gang ei ny tevling fordi ho ikkje gjekk rett føre seg sist.47 min
-
6. episodeCraig går inn på politistasjonen, finn ingen på vakt og staden er i fullt kaos. Merton og Jenny kjem heim frå bryllaupsreisa tidlegare enn planlagt.47 min
-
7. episodeTre barn blir foreldrelause. 18 år gamle Meg ønskjer å bli formyndar for dei yngre syskena sine. Vernon kastar seg inn i campingbransjen.47 min
-
8. episodeSteve tek nokre «verstingar» med seg ut på heiane for litt friluftsliv. Vernon snusar på orientalsk mystisisme når ein guru kjem på besøk.47 min
-
9. episodeDet verkar som om ein eldre mann byrjar miste vitet, men Steve og Liz vil ikkje at han skal flyttast på ein heim. Vernon vert kalla til juryteneste.45 min
-
10. episodeEi kvinne klagar over den daude kua til nabobonden. Politiet må løyse krangelen. Vernon får ei stygg overrasking når han skal starte med kompostdrift.46 min
-
11. episodeSteve får eit problem når ei serveringsdame får meir enn eit godt auge til han. David finn opp ein ny måte å verte kvitt moldvarpar på.46 min
-
12. episodeEi kvinne som nyleg er blitt enkje, kjem til Aidensfield for å gravleggje den avlidne mannen sin. Men broren til den døde nektar å samarbeide.46 min
-
13. episodeGina Ward kjem overraskande attende. Bellamy møter ein viktig informant, men han forsvinn før Bellamy får tipsa kollegaene om eit brot i nær framtid.46 min
-
14. episodeDr. Merrick får ein pasient som fortel at mannen hennar har planar om å drepe henne. Merton verkar lite interessert i å blande seg inn i saka.46 min
-
15. episodeGina får fødselsvear medan ho prøver å skilje to kranglevorne karar på puben. På sjukehuset kjenner Blaketon att den eine av karane.46 min
-
16. episodeEin tjuv vert skada i ei ulukke, og kona til Merton er innblanda i ein tvilsam plan. David, Bernie og Vernon blir med i ei dikttevling.46 min
-
17. episodeEin snikskyttar slår til under ei leirdueskyting. Vernon har planar om å gå inn i bed-and-breakfast-marknaden, men ein god kokk er han ikkje.46 min
-
18. episodeDennis Merton etterforskar den brå døden til ein racerkøyrar. Vernon får eit gullkanta tilbod om store forretningar – og kjem i store vanskar.45 min
-
19. episodeSteve Crane må løyse eit mysterium da ein mann utan minne kjem til Ashfordly. Vernon tek eit oppgjer med forretningsmennene som prøvde å lure han.46 min
-
20. episodeNye reglar gjer at Alf Ventress må pensjonere seg frå politiet. Det vert han ikkje glad for. Blaketon har ein beundrar, og Gina møter ein kjekk kar.46 min
-
21. episodeDavid får seg ein støkk da ein mann vert kasta av toget og landar rett framfor bilen hans. Ventress sørger for te til karane på politistasjonen.46 min
-
22. episodeEin pensjonert politimann og tidlegare kollega til Alf Ventress kjem på besøk. Han vert fort litt vel husvarm på politistasjonen.45 min
-
23. episodeMerton og teamet hans etterforskar ei sabotasjesak i samband med ei rekkje uhell i oppkøyringa til Aidensfield Hill Climb, det årlege bilracet.45 min
-
24. episodeEin stor pengesum vert meldt stolen, og etterforskinga fører til overraskande avsløringar. Ventress og Blaketon går saman om å finne eit tvillingpar.46 min
-
25. episodeEi lita jente er sakna, og Blaketon tek del i leitinga etter barnet. Vernon har ein vasstett plan for å bli kvitt rottene på Aidensfield Arms.46 min