Med hjartet på rette staden
Med hjartet på rette staden
Vi følgjer lensmannskontoret i den engelske bygda Aidensfield, kor det stadig er mykje å gjere. Britisk dramaserie satt på 60-tallet.
Sesong 12 25 episoder
-
1. episodeBlaketon oppdagar ein mann han trudde var død for 15 år sidan, og Ventress blir redd for å miste både jobben og forstanden.47 min
-
2. episodeVernon vil hjelpe venner og kjende med hypnose, men han blir redd for å ha skadd David for alltid.47 min
-
3. episodeLord Ashfordly er ansvarleg for eit hundeshow, men det er ikkje heilt udramatisk. Vernon tilbyr seg å hjelpe lord Ashfordly.48 min
-
4. episodeEin bonde føler seg urettferdig behandla av banken, og Ventress vil hindre han i å ta hemn. Vernon prøver seg i matvarebransjen.47 min
-
5. episodeEin eldre frukthandlar døyr i drosja til David, og David må hjelpe dotter hans med vareleveransane. Men det dukkar opp uventa problem.48 min
-
6. episodeEin gardbrukar prøver å hindre at uvedkomande går over eigedommen hans. Landsbybuarane undrar seg over at Vernon brått har endra personlegdom.47 min
-
7. episodeEin gardsarbeidar blir brått sjuk og døyr. Seinare blir det oppdaga fleire dyr som er døde på uforklarleg vis. Mike leitar etter ein årsakssamanheng.47 min
-
8. episodeTricia blir blanda inn i ein ekteskapskonflikt og hamnar i ein livsfarleg situasjon. Vernon tar oppdrag som landskapsarkitekt.48 min
-
9. episodeLandsbybuarane blir overraska da lord Ashfordly kjem heim med ei ny, vakker kone, men alt er ikkje som det ser ut til.47 min
-
10. episodeMike blir forskrekka når Tricia byrjar å møte ein mystisk hestetrenar. Vernon får eit uventa besøk.47 min
-
11. episodeMike undrar seg over at ein lokal dommar tek ein ung problemgut i forsvar. Vernon blir oppsøkt av ei gammal flamme som ber han om hjelp.47 min
-
12. episodeBellamy får ei utriveleg overrasking da politiet avslører ein tjuv. Det verkar som om Vernon har planer om å gjere heile landsbyen om til eit sirkus.48 min
-
13. episodeSprengstoff kjem på avvegar, og Merton blir uroleg. Vernon, Bernie og David er skeptiske til å hjelpe presten med bryllaupsførebuingar47 min
-
14. episodeVernon blir skadd i ei bilulykke og hamnar på sjukehus. Politiet vil ha opplysningar om ulykka, men Vernon hugsar ingenting.47 min
-
15. episodeEin gjeng unge bråkmakarar irriterer mange landsbybuarar. Merton liker ikkje at Jenny får besøk av bror sin.47 min
-
16. episodeVentress synest at den nye kollegaen er litt for ivrig i tenesta. Vernon prøver å gjere inntrykk på ein annan nykomar i Aidensfield - dr. Liz Merrick.48 min
-
17. episodeMike får eit tips og blir involvert i ei stor sak. Vernon overtyder dr. Merrick om at legekontoret treng oppussing.47 min
-
18. episodeEi ung kvinne avlyser bryllaupet sitt fordi kjærasten ikkje støttar henne i ei vanskeleg sak. Vernon har problem med ein ny politimann.47 min
-
19. episodeDr. Merrick får eit sjokk når fortida hennar brått innhentar henne. Vernons forventningar om ein stor arv går opp i røyk.47 min
-
20. episodeDet ser ut til å vere ein snikskyttar laus. Bellamy tenkjer igjennom sine eigne prioriteringar etter nesten å ha vorte treft av ei kule.48 min
-
21. episodeP.C. Crane og dr. Merrick er urolege for velferda til ei eldre enkje. David hjelper Blaketon med ein protest mot eit lokalt steinbrot.47 min
-
22. episodeEi mystisk kvinne buset seg hos Steve Crane. Vernon får eit heldig avbrot når han går inn i den moderne kunstmarknaden.48 min
-
23. episodeEin tidlegare innsett bruker Jenny for å setje press på sersjant Merton, og ein nyrik Vernon organiserer ein velgjerdsauksjon.47 min
-
24. episodeJenny og Liz blir nøydde til å passe barn når eit bondeektepar forsvinn. Vernon tek med seg ein motvillig Bernie på ein liten ferie.48 min
-
25. episodeSteve fell for den vakre dottera til ein polsk fiolinist som bur på Ashfordly Hall. Vernon får besøk av kusiner med ein uimotståeleg forretningsidé.47 min