Bli med heim
Bli med heim
Norsk dokumentarserie om barn som veks opp i ulike familiar, om deira utfordringar, meistring og stoltheit.
Sesong 6 8 episoder
-
1. Vi har mange hundarElias og familien har 35 hundar. Det er mykje jobb og mykje bråk, men veldig fint når dei kan dra på sledetur.12 min
-
2. BonusfamilieNora fekk ein bonusfamilie då mammaa hennar fekk ny kjæraste. Det var litt rart i starten, men det kan òg vere ganske gøy.12 min
-
3. Bur i ParisJenny bur i Paris fordi foreldra hennar jobbar i sjømannskyrkja. Det er ein stor by, og Jenny må snakke fransk. Av og til saknar ho familien og vennane i Norge.10 min
-
4. MinihusRonja og mamma bur i eit minihus. Det kan vere litt trongt, spesielt når Ronja skal ha vener på besøk, men det er òg koseleg.11 min
-
5. FiskarfamilieKvar vinter reiser Jone og familien til Lofoten for å fiske. Det likar Jone godt, men dei er lenge vekke heimanfrå, og Jone saknar venane sine heime.12 min
-
6. Bur på ei øyMali bur på ei lita øy og må ta båt til skulen. Ho likar den vesle øya ho bur på, men samtidig saknar ho fritidsaktivitetar og vener å leike med.9 min
-
7. Mamma sit i rullestolMammaa til Linde sit i rullestol. Linde hjelper ofte til heime, men mamma får til mykje sjølv om ho ikkje kan gå. Mamma brukar berre litt lenger tid på ting, og då blir Linde utolmodig.12 min
-
8. SjukehusklovnarForeldra til Nina jobbar som klovnar på sjukehuset. Nina får av og til vere med, og ho er stolt av foreldra som muntrar opp sjuke born. Men nokre gonger kan jobben gjere dei triste, og det synest Nina er leitt.13 min