Bli med heim
Bli med heim
Norsk dokumentarserie om barn som veks opp i ulike familiar, om deira utfordringar, meistring og stoltheit.
Sesong 3 12 episoder
-
1. Pappa i fengselLinnea sin pappa sit i fengsel. Det synest ho er dumt, for ho vil gjerne vere saman med han. Det er fint når pappa ringjer eller skriv brev, men aller helst ville ho hatt han heime.13 min
-
2. KorpsfamilieHeile familien til Håkon spelar i korps. Snart skal dei ta på uniform og gå i tog. Han øver mykje og vil bli god på trombone, men nokre gonger blir han skikkeleg lei.12 min
-
3. Storebror har kreftMaiken er veldig glad i storebror Lukas. Men no har han fått kreft. Lukas må bu på sjukehus som er langt vekke frå familien. Maiken håpar at storebroren skal bli frisk slik at han får komme heim igjen.12 min
-
4. Ukjent pappaSanna Helene er laga på sjukehus ved hjelp av ein donor. Ho veit difor ikkje kven som er pappaen hennar. Av og til når ho ser at mange andre har ein pappa, kjenner ho seg litt annleis.12 min
-
5. BonusbesteforeldreSelma saknar bestemora si som bur i eit land langt vekke. Men i Norge har Selma ei reservebestemor og ein reservebestefar som heiter Ranveig og Roger. Hos dei er det alltid kjekt å vere.13 min
-
6. Hjelper heimlause dyrKristian vil at alle skal vere snille med dyra sine. Familien hans tar vare på kattar som ikkje har ein heim. Av og til finn dei nye heimar til kattane. Då synest Kristian det er litt trist å gje dei vekk igjen.12 min
-
7. Mamma er sjukMarlene hjelper mamma med å lære å prate. Mamma mista mykje av språket sitt då ho var sjuk og hadde hjernebløding. Marlene er glad i mamma og håpar ho snart skal bli betre.11 min
-
8. Vi driv turisthytteAune har to heimar, ein i bygda og ein på fjellet der faren hans er sjef på ei turisthytte. På fjellet kan han klatre, sykle og ro gummibåt, men av og til saknar Aune venene sine i bygda.12 min
-
9. Vi er pinsevennarLydian synest det er fint å vekse opp som pinseven og meiner at det å tru på Jesus er bra. Likevel synest han det kan vere kjedeleg på vaksenmøter. Han ønskjer at alle venene hans skal tru på det same som han.11 min
-
10. HusbåtDina bur i ein båt saman med mamma. Ho badar mykje og elskar båtlivet, men ein dag må dei flytte båten. Det likar Dina dårleg. Kanskje får ho ikkje lenger gå på den same skulen eller bu i nærleiken av venene sine?13 min
-
11. Ny heim i NoregTasnim og familien flykta frå krig. No bur dei i Norge. Sjølv om mykje er nytt, føler familien seg trygge. Men då huset deira brann ned, tenkte Tasnim på krigen igjen. No gler ho seg til å flytte inn i nytt hus og føle seg trygg igjen.11 min
-
12. SteinalderfamilieTuuli og familien lever av og til som steinalderfolk. Då et dei slik mat som folk åt i steinalderen og har på seg skinnklede. Tuuli synest det er fint å leve slik, men av og til saknar ho taco og godteri.13 min