Bli med heim
Bli med heim
Norsk dokumentarserie om barn som veks opp i ulike familiar, om deira utfordringar, meistring og stoltheit.
Sesong 5 8 episoder
-
1. Storesøster er sjukStoresøstera til Bjørk har ein hjerneskade. Difor må Bjørk passe på henne og hjelpe henne med mange ting.11 min
-
2. GardsgutSjur bur på ein gard med mange dyr. Det beste han veit er å stelle og kose med dei, men nokre gonger må dyra døy for å bli mat.14 min
-
3. Rus i familienAnna Olivia bur hos mormor fordi mamma hennar må lære seg å leve utan å ruse seg.13 min
-
4. HotellassistentenMammaen til Athina driv eit hotell. Athina likar å hjelpe til her og håpar at ho ein dag sjølv kan vere hotellsjef.13 min
-
5. AsylmottakOskar har budd på asylmottak nesten heile livet. Han gler seg til at familien ein dag kan bu for seg sjølve og har god nok plass til å ha venner på overnatting.12 min
-
6. Pappa i ForsvaretPappaen til Anna Elisif jobbar i Forsvaret og passar på at det ikkje blir krig i land som Israel. Anna Elisif synest pappa har ein viktig jobb, men saknar han ofte.11 min
-
7. Bur på gardsskuleEmanuel og familien bur på ein skule der elevane lærer om jordbruk. Pappa har ansvaret for grønsakene på skulen, og Emanuel synest det er kjekt å få vere med å hjelpe til.11 min
-
8. Mamma er sjukMammaa til Mathilde har ein sjukdom som gir henne vonde tankar. Mathilde likar ikkje at mamma har det vondt og vil hjelpe henne med å vere meir glad.12 min