Bli med heim
Bli med heim
Norsk dokumentarserie om barn som veks opp i ulike familiar, om deira utfordringar, meistring og stoltheit.
Sesong 2 8 episoder
-
1. Storesøster har Downs syndromNorsk dokumentarserie. Gabriella synest ho har verdas beste storesøster! Ho heiter Aleksandra og har Downs Syndrom. Det betyr at ho lærer saktare enn Gabriella gjer, men ho er flink til mykje. Ho kan ri på hest og gå i spagaten, og ho klemmer og kosar masse synest Gabriella!12 min
-
2. TrillingarNorsk dokumentarserie. Erica er alltid saman med søskena sine. Ho er trilling, som betyr at ho blei fødd samtidig som syster og bror sin. Av og til er trillingane bestevenner og av og til er dei uvenner og slåst!11 min
-
3. Sjuk bestefarNorsk dokumentarserie. Familien til Ask bur i same huset som morfar og mormor. Morfar har ein sjukdom, og Ask tenkjer mykje på at det er urettferdig at bestefaren aldri blir frisk igjen. Når Ask er forkjøla blir han frisk etter nokre dagar, men morfar kjem til å vere sjuk til han døyr.11 min
-
4. Nye foreldreNorsk dokumentarserie. Andrea bur hos tante og onkel. Dei har blitt Andrea sin nye mamma og pappa. Det synest Andrea er bra, for då ho var seks år døydde mamma av kreft. No kallar ho tante for mamma og onkel for pappa.11 min
-
5. Flytte til ein ny stadNorsk dokumentarserie. Thelma har budd på ei lita øy så lenge ho kan hugse. Ho synes det er ein fin stad, men ho saknar nokon å leike med som er like gamal som ho. No skal familien flytte til ein annan stad. Det blir både trist og kjekt på ein gong.13 min
-
6. Vi er muslimarNorsk dokumentarserie. Mohaned er muslim. Han trur på ein annan gud enn dei fleste av skulekameratane. Ein gong i året er det Ramadan, og då et ikkje foreldra om dagen, berre om natta. Familien feirar ikkje jul, men noko som heiter ID. Mohaned gler seg til feiringa med mat og gåver.12 min
-
7. Pappa jobbar på båtNorsk dokumentarserie. Når pappa reiser på jobb får Sarah Elise klump i magen og gruar seg, for han blir så lenge vekke! Pappa er styrmann på ein stor båt, og er borte i fire veker før han kjem heim. Sarah Elise synes vekene går veldig sakte mens ho ventar på at han skal komme heim igjen.12 min
-
8. Lever som vikingarNorsk dokumentarserie. Kvar sommar er Hallvard vikinggut. Då flyttar familien hans til ein vikingby og viser turistar korleis kvardagen til vikingar var. Når Hallvard er viking, må han gøyme seg i senga visst han skal bruke moderne ting, som mobiltelefonen.12 min