Austr. fantasy-drama. Andy er forsvunnen. Felix meiner at dei må reversere det magiske formularet til Andy for å få han tilbake. Til det treng dei ein personleg gjenstand frå han, og Jake og Sam sniker seg inn i heimen hans for å skaffe det. Trylleformularet fungerer ikkje, og gutane drar til Phoebe for å få hjelp. I mellomtida leiter politiet etter Andy. Er gutane mistenkte? Nowhere Boys følgjer fire tenåringsgutar med magiske krefter. Når Andy forsvinn, må Jake, Sam og Felix finne ein måte å få han tilbake på og forsvare seg mot mørke krefter. Med: Dougie Baldwin, Joel Lok, Matthew Testro mfl. Sesong 2 (2:13)