Austr. fantasy-drama. Tenåringsgutane Jake, Felix, Andy og Sam blir plassert i lag under ein skuletur til skogen. Dei fire har ingen felles interesser og kjem frå svært ulike venegjengar. Dei er svært misnøgde med kvarandre. Under skogsturen tek dei ein snarveg, men oppdagar fort at dei er på villspor. Kvar kom den plutselege stormen frå? Og er det noko som er på jakt etter dei? Gutane er nøydd til å samarbeide for å overleve natta og finne vegen heim igjen. Men heime er ikkje alt som det skal vere. Med: Dougie Baldwin, Joel Lok, Matthew Testro mfl. (1:13)