Denne gongen tar Troy oss først med til klesbutikken han arbeidde i før. Der blir det triksing med kort for kundar og tidlegare kollegaer. Seinare hjelper han ei dame på treningssenteret som på mystisk vis har mist alt frå garderobeskapet sitt. Det blir også magi på buss-stoppen, kunstmuseet og på karneval. Til slutt lurar Troy ei gruppe damer som sjølve trur dei skal hjelpe han å lure ein kompis. (3:6)