Troy ser kanskje ut som ein heilt vanleg 24 år gamal London-gut. Men la deg ikkje lure: Han er ein av dei beste illusjonistane i Storbritannia. Han brukar kvardagslege ting og situasjonar til å forbløffe og forvirre tilfeldige menneske, som ikkje alltid veit at dei blir filma. Denne gongen går ein ekspeditør fem på når Troy fiklar med eit par svært dyre solbriller. Det blir også magiske rampestrek på bussen, heime, på puben, hos frisøren og tatovøren, før Troy betaler tilbake eit lite lån på ein måte verken långjevaren eller dei forbipasserande vil gløyme så lett.