Klart eg kan
Barn må gjere mange ting for første gang. Klart eg kan er med barn når dei gjer ting dei håpar å få til. Norsk dokumentarserie.
Sesong 8 8 episoder
-
1. TurnkonkurranseNico er veldig flink til å turne. Han lærer nye triks heile tida og snart skal han vise dei fram i konkurranse. Aller helst vil han klare dei utan å gjere feil.10 min
-
2. HandballturneringMina har gleda seg lenge til si første handballturnering. Men ho har brote armen og får ikkje vere med på treningane. Ho håpar armen blir fort bra slik at ho får spelt sin første handballkamp10 min
-
3. Flytur heilt åleineEva-Lovise skal besøke mormor og må fly heilt åleine for første gong. Ho likar ikkje at flyet ristar og er spent på korleis det blir å reise utan mamma.9 min
-
4. Å sprenge fjellTheodor er ofte med bestefar når han jobbar med gravemaskin, lastebil og andre store maskiner. No har han lyst til å vere med å sprenge fjell.9 min
-
5. Hente sauene på fjelletBirgitte bur på gard med masse sauer. I år er ho stor nok til å vere med å hente sauene ned frå fjellet etter sommaren. Det er langt å gå, men Birgitte håpar ho klarar å finne alle dei fine lamma igjen.9 min
-
6. Å stå på rulleskøyterMadeleine vil lære seg å stå på rulleskøyter, men det er mykje vanskelegare enn ho hadde trudd. Ho øver og øver for ho vil klare å stå ned rampa i skateparken utan å ramle.8 min
-
7. KalvemønstringGaute er spent fordi han skal vise fram ein kalv på kalvemønstring. Han må øve masse og håpar at kalven ikkje finn på noko tull når han skal leie den framfor publikum.9 min
-
8. Å symje på djupetOlianna vil gjerne bade saman med vennane sine. Men ho tør ikkje å symje der ho ikkje når botnen. Ho vil klare å hoppe uti og symje på djupet, utan å vere redd for å drukne.9 min