Klart eg kan
Barn må gjere mange ting for første gang. Klart eg kan er med barn når dei gjer ting dei håpar å få til. Norsk dokumentarserie.
Sesong 5 16 episoder
-
1. Hos tannlegenTannlegen har bestemt at Nora må trekke to melketenner for å få plass til dei nye tennene. Nora gruar seg veldig, for ho har aldri trekt tenner hos tannlegen før. Tenk om det er vondt og tenk om noko gale skjer?9 min
-
2. Besøke ein venMatheo har lyst til å besøke ein ven heilt åleine, slik som dei andre vennene hans klarar. Men Matheo synes det er litt skummelt å klare seg i trafikken åleine og lurer på om han vil hugse vegen til huset der bestevennen bur.9 min
-
3. Ri på fjellturGuro elskar hestar og har lenge drøymt om å ri på fjelltur i lag med mamma. For å få lov til det må ho klare å styre hesten utan hjelp frå andre.9 min
-
4. På sjukehusetRakel har vore veldig, veldig sjuk. Så sjuk at mammaen og pappaen hennar har vore redd ho skulle dø. Det siste året har Rakel vore på sjukehus nesten heile tida, for å få vekk kreftklumpane frå kroppen. Snart skal Rakel på sjukehuset igjen, for å finne ut om ho har blitt frisk. Det håpar alle at ho er!10 min
-
5. FridykkingFrei bur rett ved ei elv. Han elskar å bade og hoppe i vatnet. No vil han at onkel Even skal lære han å dykke. Då må han halde pusten kjempelenge, og klarar han det, kan han svømme blant fisk og krabber nede på havbotnen.9 min
-
6. VaksinesprøytaTeodor skal ta sprøyte på skulen i lag med heile klassa og han gruar seg og veit ikkje om han tør. Sjølv om storesøster Linea har tatt sprøyte før og seier det går heilt fint, synes Teodor sprøytespissen er skummel og er redd for at det skal gjere veldig vondt.9 min
-
7. HøyreapparatetAnna Elise høyrer dårleg på det eine øyret, og no skal ho få høyreapparat. Ho kjenner berre bestemor som brukar høyreapparat, og ho er gammal. Anna Elise gruar seg til å komme på skulen med høyreapparatet på seg. Kanskje dei andre ikkje vil leike med henne lenger?9 min
-
8. Lage rakfiskSelma har bestemt seg for å lage fiskemiddag til heile familien i lag med morfar. Ho vil både fiske og lage til maten sjølv, men ho er spent på om ho får nok fisk og om gjestane vil like middagen. Ho skal nemleg lage noko som heiter rakfisk, og det smakar ganske sterkt. Selma veit faktisk ikkje om ho klarar å ete slik fisk, men no vil ho prøve.9 min
-
9. HundekøyringMarta er god i hundekøyring, men ikkje så god som storebror Jan. I den neste hundekøyringskonkurransen vil ho prøve alt ho kan for å komme først i mål. Før konkurransen må Marta øve med hundane så ofte ho kan. Tenk om ho klarar å slå storebror!9 min
-
10. Rytmisk sportsgymnastikkLina går på Rytmisk sportsgymnastikk, som er en blanding av turn og dans. No skal ho opptre framfor mange menneske for fyrste gong. Ho skal klare både å gå i spagaten og slå hjul. Lina øver og øver, men ho er veldig spent på om ho vil greie å hugse alle trinna.9 min
-
11. Lage animasjonsfilmEyvin vil lage sin eigen film, men har aldri gjort det før. Han trur det kjem til å ta eit heilt år å bli ferdig, og han trur det blir vanskeleg. Ideen hans er å lage film om katten sin, som ikkje har venner. Kanskje klarar Eyvin å få til ein film til slutt- visst nokon kan hjelpe litt?9 min
-
12. Overnatte i snøhuleMalou skal på ekspedisjon i lag med mamma og veslesøster, Dina. Dei skal gå langt på ski og overnatte i snøhole på fjellet. Malou har aldri sove i snøhole før, og er redd den skal rase saman mens ho søv!9 min
-
13. Fly i småflyJohanna elskar fart og har lenge drøymt om å fly. No skal ho snart få vere med på tur i onkel Norvald sitt fly. Ho er spent på korleis dei skal klare å komme seg opp i lufta og om ho vil tørre å styre flyet.9 min
-
14. Stå på vannskiOm vinteren står Sverre masse på ski, men no har han lyst til å stå på ski på sommaren også. Han vil nemlig prøve å stå på vannski etter ein båt som køyrer veldig fort. Sverre lurer på om han klarar å reise seg opp i vannet og stå på fyrste forsøk.9 min
-
15. Gå på breturBjørn Peter har aldri vore på isbre før, men no skal han og pappa på isbretur. Bjørn Peter gruar seg litt. Mest av alt er han redd han skal ramle ned i ein djup sprekk!9 min
-
16. Overnatte i barnehagenMatilde skal snart slutte i barnehagen og starte på skulen. Som ei avslutning skal førskulegruppa overnatte i barnehagen. Matilde har aldri sove borte frå mamma og pappa før, og er spent på om ho klarar å sovne.9 min