Klart eg kan
Barn må gjere mange ting for første gang. Klart eg kan er med barn når dei gjer ting dei håpar å få til. Norsk dokumentarserie.
Sesong 3 12 episoder
-
1. BrudepikeEmily skal vere brudepike når mamma giftar seg. Ho skal passe på gifteringane og bere dei inn i kyrkja, men tenk om ho misser dei! Då blir kanskje ikkje mamma gift likevel!9 min
-
2. Å begynne i første klasseGjertrud er ikkje lenger barnehagejente. Ho skal begynne i første klasse og lure veldig på korleis det kjem til å gå, for ho kjenner nesten ingen der.8 min
-
3. Å få ny hundAmandus er både lei seg og glad. Hunden hans er død og har reist til hundehimmelen. No skal familien få ein ny hund og Amandus lurer på om det går an å bli like glad i den.9 min
-
4. Å køyre motorsykkelHedda er ei prinsessejente og likar å leike med dokker, men ho likar også motorsyklar. Vanlegvis sit ho i sidevogna på motorsykkelen til mamma, men no skal ho endeleg få prøve å køyre motorsykkel på bane for aller første gong.9 min
-
5. Å bli storesøsterSuzanne skal bli storesøster for første gang. Ho har alltid hatt mamma heilt for seg sjølv og er redd for korleis det blir å dele mamma med ein baby.9 min
-
6. Den store skiheisenLeah likar å stå på snøbrett, og aller best likar ho å køyre saman med storebroren William. Han er nokre år eldre og tar den store skiheisen som går heilt til toppen av fjellet. For å sleppe å stå åleine i har Leah no bestemt seg for å ta den store heisen for aller første gong. Vil ho klare det?9 min
-
7. TaekwondotestenElise er den einaste av vennene som held på med ein sport som heiter taekwondo, men Elise vil det uansett. Ho øver og øver, for snart skal ho ta ein viktig test. Tenk om ho gløymer det ho har øvd på!9 min
-
8. Å sy ein kjoleNora likar å lage ting og no har ho lyst til å sy ein kjole heilt alene. Den vil ho gå med i 8-årsdagen sin. Men det er vanskelig å velge rett stoff, og vil ho rekke å sy den ferdig i tide? Nora er også veldig spent på om gjestane som kjem i selskapet synes kjolen er fin.9 min
-
9. Å lære norskSabrin har flytta til Noreg frå eit land i Afrika som heiter Somalia. No må Sabrin lære norsk for å forstå kva lærarane og dei andre barna på skulen seier. Av og til lurer Sabrin på om ho nokon gong kjem til å klare å snakke norsk, for orda er så annleis enn dei ho kan frå før.9 min
-
10. Å få nye vennerØystein skal flytte til ein annan plass i landet. Men han har ikkje noko lyst, for han likar seg så godt der han bur. Tenk om han ikkje får nye venner!9 min
-
11. Overnatte i fjøsenKristin skal gjere noko ho aldri har gjort før. Ho skal overnatte i fjøsen i lag med sauene og bestefar. Der skal ho hjelpe til når det kjem nye lam, kanskje midt på natta!9 min
-
12. Ta bussen over fjellet åleineEra er veldig glad i bestefaren sin som ho kallar Besten. Ho har ikkje sett han på veldig lenge, og gler seg til ho skal besøke han på hytta. Men for å kome dit, må ho ta buss over fjellet heilt åleine. Det synest Era er veldig spennande, og litt skummelt.9 min