Am. dokumentarserie. Disneyland blir opna i 1955. Nesten halve USA følgjer med på fjernsyn, og folk strøymer til i millionar kvart år for å oppleve eventyrverda. I 1960 leier Disney eit av verdas mest innbringande underhaldningsselskap. Men sjefen sjølv er ikkje villig til å ta like djerve kunstnariske val som før. I 1964 kjem "Mary Poppins" ut, blir ein kjempehit og også nominert til ei rekkje Oscar-prisar. Walt Disney skapte si eiga verd og bygde eit imperium, men fekk også betale prisen for sine høge ambisjonar. (4:4)