Am. dokumentarserie. Den andre verdskrigen betyr harde tider i Hollywood. "Bambi" kjem ut til blanda kritikkar og går med tap. Etter krigen vitnar Walt Disney i den amerikanske kongressen om "uamerikanske aktivitetar" i fagforeiningane. Året etter vinn han Oscar for dokumentaren "Seal Island", og i 1950 kjem "Askepott" på kino. Filmen blir ein kjempesuksess som gjer det mogleg å få til ei rad nye prosjekt. Walt Disney skapte si eiga verd og bygde eit imperium, men fekk også betale prisen for sine høge ambisjonar. (3:4)