Am. dokumentarserie. Walt Disney var ein like stor kunstnar som forretningsmann. Han fortalde oss om outsiderar som kjempar for å høyre til. Sjølv vart han født i Chicago i 1901, men vaks opp på landet i Missouri. Etter den første verdskrigen kom han tilbake til USA, og i 1928 var det premiere på teiknefilmen "Steamboat Willie" med Mikke Mus i hovudrolla. Disney skapte si eiga verd og bygde eit imperium, men fekk også betale prisen for sine høge ambisjonar. (1:4)