Der ingen skulle tru at nokon kunne bu
5. Svinøya
På leiting etter eit eige kongerike kom svenske Gunnar Bengtsson til Svinøya på Namdalskysten for over 40 år sidan. Det første han gjorde var å forandre øya til det ugjenkjennelege. No håpar han å forandre ho tilbake medan det enno er krefter att i han.
39 min
Sesong 16
2017
Sesong 16 6 episoder
-
1. HjørundfjordenDaniel Storeide (27) fekk ei tung bør i hendene då foreldra gjekk bort og etterlet han eit veglaust kråkeslott av ein serveringsstad ved Hjørundfjorden. Saman med sambuaren Ivonne Eikremsæter er han i ferd med å finna ut om det å bu i Trandal er liv laga eller ikkje.39 min
-
2. VorterøyTo gonger har sterke sentralmakter klart å driva Ingebjørg Gamst vekk frå Vorterøy i Lyngenfjorden. Kvar gong har ho vendt tilbake ved første anledning, og denne gongen blir ho der for godt. Eg er har ikkje kome til Vorterøy for å døy, eg kom for å leve, seier Ingebjørg.38 min
-
3. VistenfjordenKaia og Bjørnar Aarstrand vart fortalde at det var galskap å setja ungar til verda på veglause Aursletta inst i Vistenfjorden. No er son nummer fem på veg.39 min
-
4. FagermyrDå kjærasten til Dag Fagermyr på barneskulen avslørte at ho ikkje ville bu oppe i skogsheiene på Fagermyr i Tvedestrand, fekk ho avskil på grått papir. For Dag har alltid visst at det var her oppe han skulle bu.39 min
-
5. SvinøyaPå leiting etter eit eige kongerike kom svenske Gunnar Bengtsson til Svinøya på Namdalskysten for over 40 år sidan. Det første han gjorde var å forandre øya til det ugjenkjennelege. No håpar han å forandre ho tilbake medan det enno er krefter att i han.39 min
-
6. NærøyfjordenDå Nærøyfjorden hamna på UNESCO si verdsarvliste såg Arild Dyrdal på det som eit kall. Difor flytta han tilbake til farsgarden for å bruka det han hadde att av arbeidskapasitet til å vera verdsarvgartnar.38 min