Der ingen skulle tru at nokon kunne bu
Møt menneske som bur langt frå byen, men nær draumen om eit enklare liv, tett på naturen.
Sesong 13 6 episoder
-
1. SamnangerBente Getz tok over eit lite, veglaust småbruk som lenge hadde lege brakk i Samnanger. Ho skaffa seg mjølkesauer og begynte å yste saueost, ho laga sitt eige bakeri, og ho selde ugras som salat til finare restaurantar i Bergen. No har omsetnaden passert millionen. Sesong 13 (1:6)29 min
-
2. HattfjelldalSjukepleiarparet Stine og Per-Sverre Engdal er glade i friluftsliv, og dei har kjøpt ein liten fjellgard i Hattfjelldal. Dei ville kombinere jordbruk med grøn omsorg. Men det fjerde barnet dei fekk, var multihandikappa. Då la dei om planane, vart fosterforeldre og tok til seg to born til. Sesong 13 (2:6)29 min
-
3. Nord-HidleTerjer Hidle tok over garden heime på Nord-Hidle i Boknafjorden og driv sauehald, gardsturisme og juletreproduksjon. Ein sjeldan sauerase held juletremarkene hennar fri for ugras. Erling, mannen hennar, byggjer no opp ein helseklinikk på garden, basert på mat som ikkje er steikt eller koka. Sesong 13 (3:6)28 min
-
4. SkifterudFor 30 år sidan kom Gaby frå Færøyane og Rupert frå Tyskland til Tinn med hest og prærievogn. Sidan har dei drive det brattlendte småbruket Skifterud utan mekaniserte hjelpemiddel, og målet er å vere sjølvforsynt. Dessutan reiser trubaduren Derben på turné - med hest og vogn. Sesong 13 (4:6)29 min
-
5. MeråkerKatrine og Bjarne bur på den einslege garden Høttmon i Meråker, og dei har teke namn etter garden. Katrine er musikar, dei to borna ho har, går i fotefara til mora, og huset er fylt med musikk - og påfunn. Bjarne er sauebonde, men synest bjørnen og jerven er blitt for nærgåande. Sesong 13 (5:6)29 min
-
6. ValdresDen danske presten Erik Rostbøll har saman med fru Kirsten bygd hus og heim på ei gammal seter i Valdres. Erik vart prest endå han ikkje har studert teologi, og endå han har vore skild to gonger - frå to søstrer. Oppe i tunet har dei bygd kyrkje, etter at Kirsten fekk ei openberring om å gjere det. Sesong 13 (6:6)53 min