Der ingen skulle tru at nokon kunne bu
Møt menneske som bur langt frå byen, men nær draumen om eit enklare liv, tett på naturen.
Sesong 2 6 episoder
-
1. GaundalenGaundalen, nordtrøndsk fjellgard innmed svenskegrensa, der ei mor, Ingeborg Gaundal (82) og ein son, Steinar (51) bur. Tre mils gangstig til næraste granne. For å løyse kommunikasjonsproblema har Steinar bygd flystripe bak låven og kjøpt privatfly. Sesong 2 (1:6)29 min
-
2. GiværGivær er eit lite øysamfunn i Vestfjorden, ein times tur med hurtigbåt frå Bodø. Her bur 14 menneske når dei er fulltalige, men under lofotfiske er berre kvinnene att. Olaug Olsen (29) er ei av dei. Etter å ha vore borte ti års tid har ho vendt heim att og teke over det vesle småbruket til foreldra. Sesong 2 (2:6)29 min
-
3. StyviStyvi i Nærøyfjorden, ein einsleg strandgard langs ein av dei meste berømte fjordarmane i landet. Her lever Botolv Hov (82) mo åleine i vinterhalvåret, den einaste fastbuande på ein veglaus gard langs Nærøyfjorden. Om sommaren har han selskap av kona, og saman har dei bygd opp eit omfattande gardsmuseum. Sesong 2 (3:6)29 min
-
4. FinnskogenRisberget er eit småbruk på Finnskogen der ekteparet Liv og Trond Burud har slått seg ned. Dei budde i Oslo og arbeidde i databransjen, men fekk nok av jaget og maset og braut tvert av. No lever dei av å lage handverksprodukt i tre og å ale opp tiur og røy. Løna er halvert, men dei kjenner seg rikare enn før. Sesong 2 (4:6) Norsk dokumentarserie.29 min
-
5. RevelsøyRevelsøy, eit tidlegare handelssenter i Ofotfjorden, der 85 år gamle Alma Jenssen lever heilt åleine, og det har ho gjort det i meir enn 30 år. I 50 år har ho passa ei veglaus fyrlykt, no nøyer ho seg med å vere kyrkjetenar i kapellet på den gamnle gravplassen. Ho fiskar til eige bruk, og eit par gonger i veka dreg ho til fastlandet etter mat og post - om ho ikkje sit vérfast. Sesong 2 (5:6)29 min
-
6. KviptKvipt, ein tidlegare veglaus og fråflytt fjellgard i Vest-Telemark. Ein av dei som flytte frå garden i unge år, Åsmund Kvipt, vende tilbake med familien sin for ti års tid sidan, opparbeidde veg, vølte husa og bestemte seg for å bli bonde. I staden vart det turisme. No har han reist ei rad hus i gammal stil, og i eitt av dei, eit stabbur, har kona, Janne Sætre Fjellheim, keramikkverkstad. Sesong 2 (6:6)28 min