Der ingen skulle tru at nokon kunne bu
5. Veafjorden
Norvald Bukkestein er eit naturprodukt, forma av eit langt og tidvis einsamt liv på den vetle og veglause slektsgarden ved Veafjorden. Tida ser ut til å ha gått i frå både han og garden, men så får nokon bruk for kunnskapene dette livet har gitt han.
38 min
Sesong 15
2016
Sesong 15 6 episoder
-
1. SylvarnesMagne Sylvarnes meiner han var skapt til å driva gard i dei bratte bakkane på heimstaden, men bakkane var ikkje skapte for moderne gardsdrift. Her er det berre hest, løypestreng og sjølvberging som nyttar.38 min
-
2. TanafjordenBente Aust brukte heile ungdomstida på å lengte vekk frå Langfjordnes. Men di lenger ho var borte frå heimbygda ved Tanafjorden, dess sterkare vart heimlengten. No strekker ho grensene for kva som går an å gjere på ein stad som dette.38 min
-
3. KristiansandI ei lita hytte utan innlagt straum og vatn klarar Trond Henning Monan seg sjølv. Den unge mannen har levd eit omflakkande liv, men i skogen utanfor Kristiansand har han funne fred og meining.39 min
-
4. LysefjordenI over ti år har kunstnaren Agnes Tiffon hatt Flørli ved Lysefjorden for seg sjølv og forelska seg i freden og isolasjonen. Men så kjem Hessel Haker og vil snu Flørli på hovudet.39 min
-
5. VeafjordenNorvald Bukkestein er eit naturprodukt, forma av eit langt og tidvis einsamt liv på den vetle og veglause slektsgarden ved Veafjorden. Tida ser ut til å ha gått i frå både han og garden, men så får nokon bruk for kunnskapene dette livet har gitt han.38 min
-
6. JotkajavvriLisa Romsdal Kristensen og mannen Steinar valde å føra familietradisjonane på Jotkajavvri vidare, men kva med framtida? Livet på Finnmarksvidda har førebels ingen appell til neste generasjon.39 min