Der ingen skulle tru at nokon kunne bu
4. Bliksvær
Sjølv om Nils Thommesen ikkje er meir enn gjennomsnittleg religiøs, såg han seg nøydd til å byggje si eiga kyrkje på Bliksvær i Salten. For Nils gir seg aldri utan kamp, og no har han for alvor starta kampen mot attgroinga som har teke over barndomsparadiset hans. Han vil sjå att barndommens Bliksvær før han døyr, og han pleier å få viljen sin.
38 min
Sesong 14
2015
Sesong 14 6 episoder
-
1. TangenesetSnart er bilvegen til Tangeneset i Solund kommune ferdig. Livet skal forandrast for alltid for Pål Ryland, Trude Søilen og dei tre døtrene Sunniva, Ingeborg og Oda. Dei gler seg, men etter kvart som vegen kjem nærare, merkar dei ein viss bismak. Livet på verdas ende var nemleg ikkje så ille som bergensfamilien trudde.38 min
-
2. GamvikFor seks år sidan kom bioingeniøren Adriaan Smis (28) til eitt av dei nordlegaste gardsbruka i verda. Den isolerte garden Gamvik i Hammerfest kommune har forandra han frå ein upraktisk akademikar til ein sjølvhjulpen bonde som får maksimalt ut av dei karrige omgjevnadene. Her prøver han å bli ferdig med doktorgrada si, men det røffe klimaet gjer det ikkje enkelt å få tid til alt.38 min
-
3. AustliDå Hillborg Romtveit og Trygve Vaagen valde å flytta til veglause Austli ved Møsvatn visste dei at dei aldri kom til å bli rike på pengar. I staden har dei vorte rike på musikk, dans, handverkstradisjonar og ei stille livsglede. Men vinteren er einsam, så ein dag om sommaren må dei lada opp med menneskeleg kontakt.39 min
-
4. BliksværSjølv om Nils Thommesen ikkje er meir enn gjennomsnittleg religiøs, såg han seg nøydd til å byggje si eiga kyrkje på Bliksvær i Salten. For Nils gir seg aldri utan kamp, og no har han for alvor starta kampen mot attgroinga som har teke over barndomsparadiset hans. Han vil sjå att barndommens Bliksvær før han døyr, og han pleier å få viljen sin.38 min
-
5. FonnaNokre av naboane gir Lisa Instefjord Gilje og Svein Eivind Gilje eitt år når dei flytter frå blokka i Fitjar til den veglause øya Fonna saman med eittåringen Lars Eivind. Men det unge paret har drøymt om ein stad som Fonna heile livet. Robert Sørfonn likar at einsemda ute på øya blir broten, men lurer på korleis dette skal gå.39 min
-
6. SognefjordenI eit herskapleg gods langs Sognefjorden bur Vilhelm Rumohr. Han arva den største skogseigedomen på Vestlandet som 19-åring, og hadde inga aning om kva han gjekk til. For kommunikasjonane med utanomverda er sparsommelege, og det som gjorde forfedrene hans rike må i dag utnyttast på heilt andre måtar.38 min