Strandåtinden på Kjerringøy i Nordland er berykta for sin lange, skarpe egg og fantastiske utsikt. For 100 år sidan erobra dei første europeiske klatrepionerane fjellet, og i kveldens program tek ei tøff, ung jente utfordringa og går den same ruta. Vi møter også juniorverdsmeisteren i klatring, 17-åringen Magnus Midtbø frå Bergen, som viser programleiar Monika Blikås korleis det skal klatrast.