Br. dramaserie. Premiere! England, 1399: Kong Richard må avgjere ein konflikt mellom fetteren sin, Henry Bolingbroke, og Thomas Mowbray. Slik startar 16 år med kongeleg og politisk maktspel på dei britiske øyene. Opprør og konflikt truar kongehusa og tilhengjarane deira, både i Westminsterpalasset og på slagmarkene i England og Frankrike. Sjå Shakespeares historiske drama i miljø og landskap frå tida det handlar om. Med Rory Kinnear, Ben Whishaw, Tom Hiddleston mfl. (The Hollow Crown: Richard II) (1:11)