Br. dokumentar i to delar. Eventyraren og journalisten Simon Reeve er i Irland, eit vakkert land med ei kompleks historie og ei spanande framtid. Denne gongen ser han nærare på dei spektakulære steinformasjonane Giant's Causeway. Han reiser så vidare til øya Rathlin, der innbyggjarane eksperimenterer med ein nyskapande form for matproduksjon under vatn. Han møter turistar frå heile verda i grevskapet Antrim, ein av mange stadar på øya der TV-serien Game of Thrones blir spela inn. Frå Belfast følger han kysten til Dublin, der dei markerer Påskeopprøret i 1916. (Ireland with Simon Reeve) (2:2)