Br. dokumentar i to delar. Eventyraren og journalisten Simon Reeve legg ut på ei ferd for å oppdage Irland, ei av dei vakraste øyene i verda. Reisa byr på spektakulær natur, legender, åndelege tradisjonar og moderne bysamfunn i eit land med ei kompleks historie og ei spanande framtid. Simon kjem først til grevskapet Wexford, der han ser nærare på korleis det lange og turbulente forholdet mellom britane og irane begynte. Han får deretter sjå kysten frå lufta, før han dreg vidare til Cork og opp på det heilage fjellet Croagh Patrick. Vi får også vere med Simon til surfebyen Lahinch og til Londonderry og Donegal, før reisa endar heilt i nord, på Malin Head. (Ireland with Simon Reeve) (1:2)