Odo
Odo
Javisst er Odo liten, men ein treng ikkje å vere stor for å vere sterk.
Sesong 2 26 episoder
-
1. ArbeidsdagDet er jobbedag og Odo har mange idear til bedrifta si. Men ingen av dei fungerer særleg bra. Så finn Odo endeleg ut kva dei andre fuglane treng.7 min
-
2. BlomsterkraftOdo og Dudel har meldt seg til å passe på ei spesiell plante. Med hjelp frå reven Vegar og Mikkel mus gjer dei alt dei kan for å halde planta trygg.7 min
-
3. Festlege foreldreDet er ta-med-foreldre-dag… eller er det? Å nei, Odo har tatt med foreldra sine til leiren på feil dag. Men Odo vil vise kor kule dei er likevel.7 min
-
4. StjerneregnOdo og Dudel skal sjå på stjerneskot i lag med resten av leirfuglane, men Dudel går seg vill i mørket. Då oppdagar Odo ein nytting eigenskap.7 min
-
5. UflaksOdo har berre uflaks og får ikkje noko snacks, øydelegg båten og raknar lua si. Dudel foreslår at dei skal finne ein firkløver for å få meir hell.7 min
-
6. InspektørfjørOdo manglar berre èi fjør for å fullføre fjøralbumet sitt. Nemleg ei kongeørnfjør. Men då må Odo spørje Inspektør Fjør, og det er litt skummelt.7 min
-
7. Ja og neiDudel likar ikkje å skuffe nokon, så ho seier «ja» til alle, men går difor glipp av favorittsongen sin på radio. Odo vil lære Dudel å seie «nei».7 min
-
8. FuglekongenBrev Due får ansvaret for leirfuglane når Leirsjefen må på eit viktig møte. Men han klarar ikkje å vere streng nok, og det blir kaos i leirskogen.7 min
-
9. Kake-overraskingNår Odo og Dudel ved eit uhell et opp kaka som pappa skulle gje til mamma, må dei to småfuglane halde mamma oppteken medan pappa bakar ei ny kake.7 min
-
10. OdoTidskapselLeirfuglane skal grave ned ein tidskapsel. Odo vil finne noko å legge i han slik at fuglar i framtida kan sjå korleis dei hadde det i Leirskogen.7 min
-
11. Farvel til KravleBilla Kravle er død, og Odo veit ikkje kva som er rett å føle. Dudel vil hjelpe, men veit ikkje korleis ho skal få vennen sin til å føle seg betre.7 min
-
12. MartinEin trekkfugl som heiter Martin kjem vekk frå flokken sin, og Odo og Dudel prøver å få han til å føle seg velkommen i Leirskogen.7 min
-
13. Etter stormenYndlingstreet til Odo har velta i den store stormen, og Mikkel mus har mista heimen sin. Odo vil hjelpe Mikkel og familien å finne ein ny plass å bu.7 min
-
14. Plast-plageOdo finn ei plastflaske som berre skapar trøbbel. Men så finn Odo ut at ting som andre har kasta kan gjere nytte likevel.7 min
-
15. Uttrykk degOdo leverer beskjedar til leirfuglane, men vert misforstått og skapar kaos. Så no må Odo og Dudel finne ut kva beskjedane eigentleg betyr.7 min
-
16. Det store reiretOdo har ein ny dans som ingen legg merke til. Ugla lurer difor alle dei andre til å bygge eit kjempereir i toppen av eit tre som kan vere scene.7 min
-
17. Ryktet gårOdo høyrer eit rykte om at Leirsjefen skal slutte. Leirfuglane gjer difor alt dei kan for å få henne til å bli verande. Men er ryktet sant?7 min
-
18. BekymringMamma til Leonardo er hos legen, og han er veldig bekymra. Odo finn på alle slags morosame aktivitetar for å muntre opp påfuglen.7 min
-
19. GeirOdo møter broren til Mikkel, Geir, men får seg ei overrasking. Geir stolar ikkje på ugler og likar difor ikkje Odo.7 min
-
20. Fancy lunsjfiaskoLeirsjefen har ein viktig prat med Inspektør Fjør om Leirskogen. Odo trur det vil hjelpe å servere lunsj, men det går sjølvsagt ikkje etter planen.7 min
-
21. MimringOdo hjelper Leirsjefen med å rydde ein gamal sti frå barndommen hennar. Leirsjefen mimrar, medan Odo opplever nye ting.7 min
-
22. SuperfuglDet er Superfugl-konkurranse i Leirskogen, og alle vert overraska over kven som vinn. Dei lærer at dei ikkje må vere for raske med å dømme andre.7 min
-
23. Lilla flokkAlle fuglane får ei skinnande lilla fjør på hovudet – og elskar det! Men Odo og Dudel har ikkje lilla fjør og får ikkje vere med dei andre.7 min
-
24. RosaFuglane ryddar opp etter Skogsdagen og tar den enklaste løysinga. Men kva skal dei gjere når heile dammen er fylt med rosa pynt?6 min
-
25. FuglekikkingOdo har eit supert uglesyn og kan sjå ting på lang avstand frå toppen av trea. Odo blir heilt oppslukt og gløymer å vere med på moroa på bakken.6 min
-
26. MammaOdo har aldri møtt mamma til Dudel eller sett kor ho bur. Endeleg skal Odo få bli med Dudel heim, men får seg ei skikkeleg overrasking.7 min