Odo
Odo
Javisst er Odo liten, men ein treng ikkje å vere stor for å vere sterk.
Sesong 1 26 episoder
-
1. EggetLeirfuglane må passe på kvar sin stein som om det var eit egg. Odo vil heller sparke ball og får seg ei overrasking når «steinen» plutseleg klekker.7 min
-
2. HøneklubbenOdo vil bli med i den tøysete høneklubben i leirskogen. Men for å få lov må den velse ugla først få hønene til å le.7 min
-
3. InspektørenDudel og Odo latar som dei er inspektør «Ooodel», og dei gir leirskogen ein pris: Den gylne eikenøtta. Alt går bra til den ekte inspektøren kjem!7 min
-
4. DudelsongenAlle fuglar har ein kvitresong, men ikkje Dudel, som ikkje veit korleis Dudel-songen låter. Odo prøver å hjelpe Dudel med å finne songen sin.7 min
-
5. Vegar VeggisOdo tek med seg reven Vegar Veggis til leiren, men då blir dei andre fuglane livredde. Klarer Odo å overbevise dei om at Vegar Veggis er snill?7 min
-
6. FilmenFuglane lagar film om leirlivet, og Odo får styre kamera. Alt blir ikkje perfekt, men filmen viser at alle har det kjekt og gjer sitt beste.7 min
-
7. FjørkampOdo får ikkje vere med på fotballaget. «Du er for liten», seier dei. Så dei små fuglane utfordrar dei store til kamp, men kan dei klare å vinne?7 min
-
8. NestkommanderandeLeirsjefen treng ein assistent, som må vere rask, rettferdig og hjelpsam. Odo har veldig lyst på jobben, men får konkurranse frå dei store fuglane.7 min
-
9. SkremmandeAlle i leiren synest Odo er søt og morosam, men Odo vil vere skummel. Ved hjelp av ei mus skal Odo skremme alle leirfuglane.7 min
-
10. DragenOdo vil fly dragen sin, men Leirsjefen bestemmer at dei heller skal lage fjørpynt. Både pynten og dragen trengst når ein skremmande inntrengar kjem.7 min
-
11. KrusedudelFuglane skal lage eit portrett av venene sine. Odo vil måle bestevennen, Dudel. Men det vil også Thelma gjere.7 min
-
12. FlyskrekkDudel har flyskrekk, og Odo prøver alt for å hjelpe den vesle venen sin. Men Odo oppdagar at den beste hjelpa er å lytte.7 min
-
13. OstemånenOdo og Dudel prøver å bevise at dei kan reise til månen, men klarer det ikkje. Så lærer Odo sin pappa dei eit lurt triks.7 min
-
14. Livet i dammenLeirsjefen arrangerer damdag i skogen. Odo og Dudel oppdagar pitte små vesen som ein dag skal bli store dyr, akkurat som dei skal bli store fuglar.7 min
-
15. KjekstjuvenOdo blir skulda for å vere kjekstjuv, men ugler er ærlege fuglar. Dudel og Odo må fange den verkelege tjuven, men får seg ei stor overrasking.7 min
-
16. OvernattingsbesøkOdo inviterer til overnattingsbesøk. Dei har godteri, og dei prøver å skremme kvarandre. Men når natt-dronten kjem, blir det skummelt på ekte!7 min
-
17. FjørvekstDet er tid for «Jungelelitens Store Hinderløype-Utfordring»! Men Odo er for liten til å få vere med. Korleis skal ei lita ugle bli stor nok?6 min
-
18. SuperuglaOdo tar på seg ei kappe og kallar seg Superugla. Men når Dudel treng hjelp, mistar Superugla kappa si. Då må Odo hjelpe Dudel ved å vere seg sjølv.7 min
-
19. Fanga i hyttaOdo, Rosa og Flo blir innelåste i hytta til Leirsjefen. Medan dei ventar på å bli redda, underhalder Odo dei andre med ting dei finn i hytta.7 min
-
20. Nye parOdo og Leonardo må lage ein skulptur saman. Samarbeidet går ikkje så bra i starten, men så lærer Odo at ein ny ven kan vere verdifullt.7 min
-
21. SnigelenOdo har så lyst på eit kjæledyr, og snigelen Snorre treng å bli passa. Men eit kjæledyr er eit stort ansvar, og Snorre er ikkje lett å passe på.7 min
-
22. Rotne epleDet er eple-festival i leirskogen, men alt går galt, og Vegar Veggis får skulda. Klarer Odo å bevise at det ikkje er reven si skuld?7 min
-
23. Den som ler sist...Tukanane elskar å tulle, men så er dei uheldige og skadar Dudel. Då vil dei slutte å tulle, men i staden blir dei altfor seriøse.7 min
-
24. SøroverOdo lengtar sørover og prøver å sende seg sjølv dit i posten. Til slutt finn Odo ei solrik strand åleine, men korleis blir det der utan alle venene?7 min
-
25. LuringaneStjert og Ramp kan namnet på alle blada og trea i skogen. Odo vil bli like smart som dei to tukanane. Men er dei så lure som dei verkar?7 min
-
26. FuglestatuarHøna Turid er ein meister i leiken som heiter fuglestatuar. Men Odo utfordrar Turid og håpar å bli den nye meisteren.7 min