Br. dramaserie. Ikkje alle er like entusiastiske for den komande p-pilla som dr. Turner. Patsy prøver å hjelpe ei gravid kvinne som er på gjennomreise med ein kanalbåt, og som heller vil føde blant sine eigne enn på ei moderne fødestove. Det er meldt storm, og søster Crane må hjelpe eit ungt par i krise. Idet stormen løyar, kjem søster Evangelina tilbake til Nonnatus House. Med: Jenny Agutter, Pam Ferris, Miranda Hart mfl. (Call the Midwife) Sesong 5 (7:8)