Denne gongen forbløffar Troy med imponerande bordtennisteknikk. Han gjev også smaksprøver på kunstane sine til ein tilfeldig kunde i godtebutikken, før han avsluttar med eit farefullt forsvinningsnummer på gokartbanen. Troy er ein av dei beste illusjonistane i Storbritannia. Han brukar kvardagslege ting og situasjonar til å forundre og forvirre tilfeldige menneske, som ikkje alltid veit at dei blir filma.