Am. krimserie. New York-detektiven Robert T. Ironside hamna i rullestol etter at han vart skoten i ryggen. Det har ikkje gjort han mindre nådelaus mot forbrytarane.
Då eit drapsoffer døyr i armane til Ironside og to vitne flyktar frå åstaden, hamnar han på sporet av ei gammal, uoppklara kidnapping. Er det kvinnelege vitnet den sakna jenta, og kan ho identifisere mordaren? Med Blair Underwood, Pablo Schreiber, Spencer Grammer mfl. (5:9)