Kunne ikke spille av fordi JavaScript ikke ble funnet!

Aktiver JavaScript i innstillingene til din nettleser.

Les mer på hjelpesiden.

Seriebeskrivelse

Teateroppsetninger fra NRKs faste scene.

Episodebeskrivelse

Fjernsynsteatret viser "Som natt og dag. Bilete frå inngangen til ei ny tid" av Paal-Helge Haugen. Filmen har sin historiske bakgrunn i livet åt småkårsfolk på den norske landsbygda i åra kring den første verdskrigen. Vi møter eit bygdesamfunn prega av samanfallet av den gamle hierarkiske oppbygginga: avskaffinga av husmannsvesenet, byrjande industrialisering, uår, krig og emigrasjon. Det gamle klassesamfunnet skifte ham i denne tida, og det skjedde i ein samanheng der eit lag av embetsmenn og meir velståande bønder heldt makta og råderetten over småkårsfolket ikkje berre i kraft av økonomisk overtak, men også eit tankemessig, sterkt religiøst farga maktgrep. I filmen finn vi motsetningane først og fremst representert ved konfrontasjon mellom soknepresten og "hovedperson", der den siste møter med eit nyvunne, uklart samfunnsmedvet med sosialistisk forankring, og presten representerer ein statisk, pietistisk kristendom med klare samfunnsmessige, politiske implikasjonar. Dei som er med: Kjell Stormoen, Bjarne Andersen, Svein Erik Brodal, Jack Fjeldstad, Knut M. Hansson, Alf Malland, Jørn Ording, Kai Remlov, Hege Rohde og Øyvind Øyen. Regi: Eva Chr. Nilsen.

Kategorier: Kultur, NRK-arkivet og Drama/serier
Tilgjengelig til:
Alltid tilgjengelig
Tilgjengelig i:
Verden
Første gang sendt:
NRK1 · Tirsdag 15. februar 1972 kl. 00:00
Siste gang sendt:
NRK1 · Tirsdag 15. februar 1972 kl. 00:00
Produksjonsår:
1971
Original episodetittel:
Som natt og dag
Aldersgrense:
Tillatt for alle
Varighet:
54 minutter