Br. dokumentarserie. Vi møter menneske på flukt mot Europa, utstyrte med kamera for å dokumentere det ingen andre kan. Den syriske kurdaren Ahmad har kome seg til Athen, kor han forhandlar med ein menneskesmuglar om eit falsk pass han kan bruke for å fly til Frankrike. Sadiq frå Afghanistan er på veg mot Finland, eit land han ikkje ein gong har sett eit bilete av. 11 år gamle Isra'as storfamilie møter kaos på grensa til Serbia medan dei prøver å ta seg til Tyskland. (Exodus; Our Journey to Europe) (2:3)