Der ingen skulle tru at nokon kunne bu
1. Valdres
Ein ung mann frå Stuttgart lét seg trollbinde i møtet med norsk natur. Han fann seg ei norsk jente, tok etternamnet hennar og slo seg ned på ein falleferdig, veglaus husmannsplass i Valdres. No har Inger Norunn og Rainer Solhaug omskapt husmannsplassen til ein eventyrgard, der dei også tener til livets opphald, ho som sølvsmed, han som trearbeidar. Sesong 10 (1:6)
28 min
Sesong 10
2011
Sesong 10 6 episoder
-
1. ValdresEin ung mann frå Stuttgart lét seg trollbinde i møtet med norsk natur. Han fann seg ei norsk jente, tok etternamnet hennar og slo seg ned på ein falleferdig, veglaus husmannsplass i Valdres. No har Inger Norunn og Rainer Solhaug omskapt husmannsplassen til ein eventyrgard, der dei også tener til livets opphald, ho som sølvsmed, han som trearbeidar. Sesong 10 (1:6)28 min
-
2. BjarkøyOlaug Pettersen bur åleine i eit elles fråflytt fiskevær lengst nord i Bjarkøy kommune i Troms. I løpet av fire år miste ho tre av sine næraste. Mannen døydde av helseplager, medan to søner omkom i kvar si ulykke på havet. Alle tre ligg på kyrkjegarden på Meløyvær, og det er dei tre gravene som bind henne til staden. Men Olaug har kjempa seg gjennom motgangen og finn glede i kvardagen. Sesong 10 (2:6)29 min
-
3. ÅseralMagnhild Snaprud frå Søgne og Christoffer Christensen frå Danmark fann kvarandre då dei gjekk på friluftslinja ved Høgskulen i Telemark. Dei har teke over den nedlagde fjellgarden Listøl i Åseral i Vest-Agder. Magnhild er lærar nede i bygda og bruker rattkjelke når ho tek fatt på skulevegen vintersdag, medan Christoffer har forelska seg i gamle tømmerhus og driv restaureringsarbeid. Sesong 10 (3:6)28 min
-
4. BrattværetSom pensjonist flytte nostalgikaren Leif Birger Hagen tilbake til barndomsøya si, det fråflytte fiskeværet Brattværet på nordmørskysten, etter eit langt liv i fiskebåten. I været prøver han å finne att lykkelege barneår, samstundes som han dreg ut med sjarken sin, "Hurragutten", og fiskar med ruser. Etter eit langt liv som ungkar har han dessutan fått seg dame, ein flamme frå ungdomsåra, må vite. Sesong 10 (4:6)28 min
-
5. FosenhalvøyaKlara og Einar Hårstad lever på fjellgarden Lysvatnet på Fosenhalvøya i Trøndelag. Avstanden til næraste nabo er 11 veglause kilometer. Jakt, fiske og friluftsliv er det som opptek Einar mest, og han kunne ikkje ha tenkt seg eit betre og friare liv. Det var vondt å sende ungane til skulen, synest Klara. No gler dei seg over at eine sonen vil følgje i fotefara deira. Sesong 10 (5:6)28 min
-
6. NumedalLars-Erik Jacobsen har lagt sin elsk på alt som er gammalt. Som 15-åring melde han seg inn i eit historielag, der det berre fanst pensjonistar, og då han var 20 kjøpte han den veglause, brattlendte og forfalne fjellgarden Skrepprud langt nord i Numedal. Der har han budd i snart 40 år, og alt det han legg til sides av lærarløna si, bruker han til å kjøpe gamle hus og bruksting og flytter alt heim til seg. Sesong 10 (6:6)28 min