Noreg er mellom dei fremste skipsfartsnasjonane i verda og har vore det lenge. Korleis kunne eit lite land som Noreg bli ei stormakt på havet, og kva har det gjort med oss?
Noreg har vore mellom dei største skipsfartsnasjonane i verda i over hundre år, på godt og vondt. Gjennom skipsfarten har me blitt involvert i krigar på mange hav. I dette programmet får me eit britisk blikk på den norske skipsfart sin innsats i tre store krigar i Europa. Møt professor Andrew Lambert ved Kings College i London.