For 160 år sidan blei ein tjuv på Nordmøre forvist til fjells i Folddalen i Trollheimen, fordi han stal mat. Biologen Nils Røv er fascinert av historia om "Folddalingen", og han vil finne ut korleis det var å starte på nytt og leve langt frå folk i vinterfjellet. Kanskje var ikkje naturen verste fienden for ein familie med tre små ungar, men heller det at den fredlause ikkje klarar å slutte med tjuveri sjølv langt inni Nordmørsfjella.