Pust!
Dagane er fulle av dramatikk og uforgløymelege augeblikk. For jordmødrene Nalan, Anna og Greta er kvar dag unntakstilstand – og no blir dei saksøkte.
Sesong 1 6 episoder
-
1. ByrjingarNalan elskar jobben som jordmor, men slit med å bli gravid sjølv. Kollegaen Anna kastar seg inn i arbeidet for å fortrenge ekteskapsproblema.42 min
-
2. MennEngstelege Paul skal straks bli far, og set tolmodet til jordmødrene på prøve. Samstundes slit Nalan og Anna med søksmålet dei har fått imot seg.42 min
-
3. Ei natt på klinikkenGreta må passe på ei einsleg gravid kvinne som er til observasjon over natta. Nalan må handtere ein baby som kjem altfor tidleg.43 min
-
4. FordomarIngen liker fordomar, men alle har dei. Nalan førebur seg på ein heimefødsel. Anna følger opp ei mor som skal få keisarsnitt for fjerde gong.41 min
-
5. StilleNalan har ei gynekologisk rutineundersøking. Eit hjarte har slutta å slå.43 min
-
6. Vi fortsettAnna pressast frå alle kantar, medan Nalan kjempar seg tilbake på jobb. Ei nyheit får det til å verke håplaust å forsvare seg mot søksmålet.45 min