Peer Gynt-kveld
Peer Gynt-kveld
Ein heil kveld med og om Henrik Ibsens "Peer Gynt".
Sesong 1 7 episoder
-
1. VelkomenVelkomen til ein heil kveld med Henrik Ibsens "Peer Gynt". Vi viser framsyninga frå Det Norske Teatret med Toralv Maurstad i hovudrolla, ein dokumentar, samt intervju med blant andre Maurstad og teatersjef Erik Ulfsby. Regi: Ninja Benneche1 min 12 sek
-
2. Hemmeligheten bak Peer GyntI 2017 var det 150 år sidan Henrik Ibsens "Peer Gynt" kom ut. Det dramatiske diktet har blitt tolka i mange retningar opp gjennom åra. I dette programmet kjem vi nærare eit svar på kven Ibsen brukte som modell for Peer, og modellen er slett ingen kven som helst. "Peer Gynt" har blitt kalla Noregs nasjonalepos og i dette programmet kjem det også fram ulike tolkingar, betraktningar og innsikt for alle som vil bli betre kjend med Peer Gynt. Programskapar: Ninja Benneche.59 min
-
3. Før teppet går opp på Det Norske TeatretVi møter publikum i foajeen like før stykket startar. Bak scena ventar knappestøypar Svein Tindberg på at teppet skal gå opp.6 min
-
4. Peer Gynt frå Det Norske Teatret, første aktPeer Gynt er ved vegs ende. Han er sliten, medtatt og trøytt. Ferda gjennom livet har gitt mange oppturar, og enda fleire nedturar. Med Toralv Maurstad i hovudrolla. Til nynorsk ved Jon Fosse. Regi: Erik Ulfsby1 t 9 min
-
5. Med teatersjef Erik Ulfsby i foajeenMedan publikum strøymer ut til pause blir regissør Erik Ulfsby intervjua om valga han har tatt for sin versjon av Peer Gynt6 min
-
6. Peer Gynt frå Det Norske Teatret, andre aktPeer Gynt har vore storkar og briska seg ute i verda. No er han ved vegs ende. Med Toralv Maurstad i hovudrolla. Til nynorsk ved Jon Fosse. Regi: Erik Ulfsby54 min
-
7. På veg heim med Toralv MaurstadToralv Maurstad er på veg heim etter framsyninga. Vi snakkar med han om familien Maurstad sitt livslange forhold til Peer Gynt, og det å kome seg opp og fram i livet. Regi: Ninja Benneche14 min