Oliver Stone: USAs skjulte historie
5. episode
Am. dokumentarserie. President Eisenhower og utanriksminister John Foster Dulles tek over etter Truman. Sjølv om Stalin døyr, blir forholdet til Sovjet likevel kaldare. Amerikanarane utforskar doktrinen om kjernefysisk krig under Korea-krigen og rustar opp med H-bomba. Anti-kommunismen veks og den harde politiske lina mot den tredje verda held fram. (Quiet - The Untold History of the United States) (5:10)
58 min
Sesong 1
2010
Ikke tilgjengelig lenger
Sesong 1 10 episoder
-
1. episodeAm. dokumentarserie. Ei rekke hendingar er ukjente, men var med å forme historia til USA. Den berømte regissøren Oliver Stone trekker fram fleire namn og poeng få har visst om. Franklin D. Roosevelt, Winston Churchill og Joseph Stalin er personar vi assosierer med den andre verdskrigen, mens innsatsen til Henry Wallace blei undervurdert. Og sovjetarane blei utsette for ei omfattande demonisering. (Quiet - The Untold History of the United States - World War II) (1:10)58 minIkke tilgjengelig lenger
-
2. episodeAm. dokumentarserie. Ei rekke hendingar er ukjente, men var med å forme historia til USA. Den berømte regissøren Oliver Stone trekker fram fleire namn og poeng få har visst om. I andre del utforskar han forholda mellom USA og Sovjetunionen og byrjinga på den kalde krigen. (2:10)58 minIkke tilgjengelig lenger
-
3. episodeAm. dokumentarserie. I august 1945 sleppte amerikanarane atombomba over Hiroshima. Kva var tanken bak USA¿s atomåtak på Japan? Konsekvensane blei omfattande, ikkje berre for dei som blei råka, men og for tilliten til dei allierte under den andre verdskrigen. (Quiet - The Untold History of the United States: The Bomb) (3:10)58 minIkke tilgjengelig lenger
-
4. episodeAm. dokumentarserie. Kva var eigentleg årsakene til den kalde krigen? Oliver Stone tek for seg Churchills tale om jernteppet, borgarkrigen i Hellas og frykta for kommunismen i USA. (Quiet - The Untold History of the United States: The Cold War: Truman, Wallace, Stalin, Churchill & the Bomb) (4:10)58 minIkke tilgjengelig lenger
-
5. episodeAm. dokumentarserie. President Eisenhower og utanriksminister John Foster Dulles tek over etter Truman. Sjølv om Stalin døyr, blir forholdet til Sovjet likevel kaldare. Amerikanarane utforskar doktrinen om kjernefysisk krig under Korea-krigen og rustar opp med H-bomba. Anti-kommunismen veks og den harde politiske lina mot den tredje verda held fram. (Quiet - The Untold History of the United States) (5:10)58 minIkke tilgjengelig lenger
-
6. episodeAm. dokumentarserie. President Kennedy tok opprinneleg del i den kalde krigen. Men den opprivande Cuba-krisa fekk han til å endre oppfatning. Saman med Khrusjtsjov la Kennedy opp ein plan for å få slutt på fiendskapen mellom supermaktene. Men Kennedy kom ikkje langt med arbeidet. Han blei drepen i 1963. (Quiet - The Untold History of the United States) (6:10)57 minIkke tilgjengelig lenger
-
7. episodeAm. dokumentarserie. Johnson og Nixon møter motgang. Historia om krigane i Søraust-Asia kan forteljast i lys av den farlege og arrogante supermakta. USA førte ein aggresiv politikk også i Brasil , Indonesia og Chile og kasta ut reformvennlege regime fleire stader. Heime voks den sivile motstanden mot makthavarane. (Quiet - The Untold History of the United States) (7:10)57 minIkke tilgjengelig lenger
-
8. episodeAm. dokumentarserie. Carter og sikkerheitsrådgjevar Brezezinski rydda vegen for Ronald Reagans høgreomvelting heime og utanlands. Tida var prega av høge forsvarsutgifter, høgreorienterte tankesmier og medieoppslag. Reagan overraska både vener og fiendar då han og Mikhail Gorbatsjov blei samde om den kjernefysiske nedrustingsavtalen. (Quiet - The Untold History of the United States) (8:10)57 minIkke tilgjengelig lenger
-
9. episodeAm. dokumentarserie. Under Bush og Clinton endra maktforholda i verda seg. Sovjetsamveldet fall saman, men nykonservative krefter vann fram. Rådgjevarar frå U.S.A. påverka den russiske økonomien negativt, mens NATO ekspanderte og kom tettare på den russiske grensa. Angrepet 11. september 2001 sette landet på ein enno meir ekstrem kurs. (Quiet - The Untold History of the United States) (9:10)58 minIkke tilgjengelig lenger
-
10. episodeAm. dokumentarserie. Bush og Obama - terrorepoken. George W. Bush starta krigar, fengslingar og omfattande overvaking i USA. Invasjonane i Irak og Afghanistan førte nesten til at økonomien kollapsa. Barack Obama må handtere eit imperium der sikkerheita i verda er truga. Framtida byr på håp og frykt. (Quiet - The Untold History of the United States) (10:10)58 minIkke tilgjengelig lenger