Det finst truleg berre ein igjen i verda av den italienske bilmodellen Lancia Kappa kabriolet med sju seter. Den nesten hundre år gamle bilen er på Nordkisa, ikkje langt unna Gardermoen flyplass. Og etter over 30 års restaurering er den klar for å køyrast på vegen.