Leiketid
10. Snurre rundt og rundt
Jacob og Erik finn ein gammal platespelar, men knotten sit fast. Saman med mamma går dei for å leite etter verktøy. I mellomtida gjer Max og Simon ein innsats.
5 min
Sesong 1
2015
Ikke tilgjengelig lenger
Sesong 1 51 episoder
-
1. TåfisfellaMax vil breie over Jacob om natta, men blir sitjande fast mellom dei stinkande føtene hans. Heldigvis har Max ein hale som kan hjelpe han med å kome seg laus - men korleis skal han kome seg opp igjen i senga?5 minIkke tilgjengelig lenger
-
2. Skatten i akvarietJacob og Molly vil få tak i ein skatt i akvariet, men klarer ikkje å hente den opp. Max og Priscilla vil hjelpe dei, så Max får på seg ei dykkardrakt og sym ned for å hente den med Priscilla som god hjelp på utsida.5 minIkke tilgjengelig lenger
-
3. SåpebobleblåsingJacob og Guro vil fylle heile leikerommet med såpebobler, men får det ikkje til. Medan dei er ute tek Max og Bertha oppgåva, og ved hjelp av vifta på bordet klarar dei å fylle heile rommet med fine bobler.5 minIkke tilgjengelig lenger
-
4. RiddararJacob og Erik leikar at dei er riddarar, men ein leikekloss blir eten av ein skummel støvsugardrake. Max og Svein bestemmer seg for å hjelpe dei, og klarar å få klossen ut av magen til draken igjen.5 minIkke tilgjengelig lenger
-
5. Norman og ballenJacob kastar ball til hunden Norman, men dei rotar bort ballen. Medan Jacob et middag bestemmer Max seg for å hjelpe Norman å leite.5 minIkke tilgjengelig lenger
-
6. SkattejaktBesta og Jacob leikar skattejakt, men Jacob finn ikkje dukka si, Turbo-Tom. Han går ned i kjellaren for å leite, og medan han er borte leitar Max på hemsen - og finn Turbo-Tom!5 minIkke tilgjengelig lenger
-
7. FiskematJacob gløymer å mate fiskane før han skal besøke Besten, men heldigvis klarar Max å bruke brannbilen til å kome seg opp til akvariet så fiskane får mat i dag også.5 minIkke tilgjengelig lenger
-
8. DinosaurloftetJacob og Molly leikar med dinosaurar, men hunden Norman stikk av med dinosaurbeinet. Medan barna er nede og et lunsj gjev Max og Priscilla seg avstad under senga for å redde beinet og hente det tilbake.5 minIkke tilgjengelig lenger
-
9. UtkledningsfestJacob og Guro skal på utkledningsfest, men har ingen ting nytt og spanande å kle på dukkene. Medan dei er nede og leitar finn Max og Bertha på at dei kan blande masse gamle kostymer så dei blir som nye - hurra!5 minIkke tilgjengelig lenger
-
10. Snurre rundt og rundtJacob og Erik finn ein gammal platespelar, men knotten sit fast. Saman med mamma går dei for å leite etter verktøy. I mellomtida gjer Max og Simon ein innsats.5 minIkke tilgjengelig lenger
-
11. UvêrJacob har bygd ei puteborg medan uvêret herjar utanfor. Hunden Norman er redd for torevêret og vil gøyme seg, så Jacob hentar mamma så ho kan hjelpe med å trøyste.5 minIkke tilgjengelig lenger
-
12. RedningsaksjonJacob og Molly er uheldige og set fast Priscilla på ein bjelke under taket. Medan dei hentar ein kost brukar Max ei rakettrampe, og klarar å redde Priscilla ned igjen.5 minIkke tilgjengelig lenger
-
13. TeltturJacob og Molly leikar i teltet, men det hårete trollet Norman vil også vere med.5 minIkke tilgjengelig lenger
-
14. Klar, ferdig, gå!Jacob og Guro leikar med racerbilar, men det eine hjulet blir øydelagd. Dei går for å leite etter eit nytt hjul nede, og Max og Bertha finn eit erstatningshjul.5 minIkke tilgjengelig lenger
-
15. BråkebøtterErik blir henta av faren sin heime hos Jacob, men gløymer igjen Svein på loftet! Max og Svein bestemmer seg for å lage bråk så Erik og Jacob kjem tilbake og hentar han.5 minIkke tilgjengelig lenger
-
16. TeselskapJacob og Molly har teselskap, men manglar te. Dei går ned for å lage, og Norman prøver å ete kakene. Max og Priscilla prøver å beskytte kakene frå Norman.5 minIkke tilgjengelig lenger
-
17. HundeskulenJacob har besøk av Molly og hunden hennar, Bobby, som har lært mange triks på hundeskule. Norman kan desverre ingen triks. Medan Jacob og Molly luftar Bobby bestemmer Max og Priscilla seg for å lære Norman eit lite triks.5 minIkke tilgjengelig lenger
-
18. ValentinskortetJacob lagar eit mystisk valentinskort som Max ikkje får kikke på. Då han går ned ein augneblink er Max freista til å snike i kortet og sjå kven det er til, for han lurer på om Jacob har fått ein ny besteven.5 minIkke tilgjengelig lenger
-
19. Eit tårn av klossarJacob og Guro bygger eit tårn av klossar, men må gå og leite etter fleire klossar så tårnet kan bli høgare. Ved eit uhell riv Max og Bertha ned tårnet.5 minIkke tilgjengelig lenger
-
20. TogtrøbbelJacob og Erik vil leike med tog, men manglar ei togskinne. Dei går for å leite etter den nede, og Max og Svein leitar oppe.5 minIkke tilgjengelig lenger
-
21. PlystreleikenBesten besøker Jacob med fuglen prinsesse Diana. Dei går for å hente vatn til henne, og Max opnar døra til buret så Diana flyg ut.5 minIkke tilgjengelig lenger
-
22. Stjernenatt om dagenJacob og Max leikar at dei er på månen, men dessverre lyser ikkje dei sjølvlysande stjernene enno, sidan det er dag. Medan Jacob er nede og snakkar med mamma vil Max gjere det mørkt nok i rommet så stjernene kan lyse.5 minIkke tilgjengelig lenger
-
23. SkattekistaJacob vil opne ei gammal kiste på loftet, men mamma vil ikkje gje han nøkkelen før dei har ete. Medan dei er borte bestemmer Max seg for å hente nøkkelen til Jacob, endå den heng høgt oppe på veggen.5 minIkke tilgjengelig lenger
-
24. HamstergøymselMolly besøker Jacob med den nye hamsteren sin, Marshmallow. Men Marshmallow klarar å kome seg ut av hamsterballen sin og forsvinn, så Jacob og Molly går for å hente mamma.5 minIkke tilgjengelig lenger
-
25. RockebandJacob og Guro har starta rockeband, men mamma stikk av med trommene. Medan dei leitar etter nye vil Max og Bertha hjelpe dei.5 minIkke tilgjengelig lenger
-
26. Den store løvaJacob og Erik leikar jungel og vil kle ut Norman som løve, men Norman samarbeidar ikkje.5 minIkke tilgjengelig lenger
-
27. EggjaktJacob og Max er på påskeeggjakt, men eitt av spora er øydelagd. Medan Jacob spør mamma kva det er, finn Max egget - og gjer alt for å få tak i det!5 minIkke tilgjengelig lenger
-
28. FlygaranePapirflyet til Jacob kræsjlandar i akvariet, og Max vil lage eit nytt fly til han. Etter litt arbeid klarar han å lage eit papirfly som kan fly kjempelangt!5 minIkke tilgjengelig lenger
-
29. Super-Max og Kaptein PriscillaJacob og Molly leikar superheltar. Medan dei er ute og et vil Max og Priscilla beskytte byen frå farar - inkludert hunden Norman.5 minIkke tilgjengelig lenger
-
30. Ein fanga cowboyJacob og Molly vil leike cowboyar, men finn ikkje lassoane. Medan dei spør mamma klatrar Max inn i utkledningskassa og blir innelåst.5 minIkke tilgjengelig lenger
-
31. Dårleg fjør-dagMolly og Jacob vil klippe Priscilla og går for å hente sjampo. I mellomtida testar Max og Priscilla ut andre sveisar på Priscilla for å unngå at ho blir klipt.5 minIkke tilgjengelig lenger
-
32. GøymselJacob, Molly og Guro leikar gøymsel, men ingen finn Max. Medan barna er nede ein tur leitar Priscilla og Bertha etter han.5 minIkke tilgjengelig lenger
-
33. BilletrøbbelEi bille på loftet lagar furore i cowboyleiken til Jacob og Erik. Dei går for å leite etter eit glas å fange henne i, men i mellomtida gjer Max og Svein jobben for dei.5 minIkke tilgjengelig lenger
-
34. LesestundJacob les bok for Max, men må ned og ete middag før dei blir ferdige. Medan han er borte vil Max lese kva som skjer, men ramlar bak kommoden.5 minIkke tilgjengelig lenger
-
35. MånelysJacob vil sjå på månen i teleskopet sitt, men besta seier linsa er uskarp. Dei går for å spørje mamma om råd, og i mellomtida vaskar Max linsa.5 minIkke tilgjengelig lenger
-
36. Ingen stad å gøyme segJacob gøymer eit bokmerke han har laga til besta, men besta kjem for å rydde, så Max må gøyme det for henne.5 minIkke tilgjengelig lenger
-
37. Mystiske maskinerJacob og Guro finn ei mystisk maskin på loftet og spør mamma kva det er. Medan dei er borte utforskar Max og Bertha maskina, og oppdagar at den tek bilete!5 minIkke tilgjengelig lenger
-
38. TryllekunstarJacob og Molly vil trylle, men får det ikkje til. I mellomtida tenker Max og Priscilla ut eit trylletriks til å glede barna med.5 minIkke tilgjengelig lenger
-
39. GåvegledeBesta kjem heim frå ferie i Egypt og har med ei gåve til Jacob som må vente til etterpå. Medan dei er borte opnar Max gåva, og må skunde seg å pakke den inn att så Jacob får opne sjølv.5 minIkke tilgjengelig lenger
-
40. Måleri, måleraJacob og Guro har laga eit måleri og går for å ete. Medan dei er borte vil Max og Bertha fikse litt, men øydelegg nesten heile måleriet.5 minIkke tilgjengelig lenger
-
41. SteppetidMolly og Priscilla har steppesko og kan danse. Jacob vil lage til Max også, men må finne teiknestiftar. Medan barna er borte lagar Priscilla og Max steppesko med myntar under føtene hans som lagar fin steppelyd.5 minIkke tilgjengelig lenger
-
42. FiskelekkasjeMax skal passe den nye fisken til Jacob medan Jacob hentar ei saks til å opne posen med, men klarar å stikke hol på posen og må skunde seg å få fisken oppi akvariet før det går gale.5 minIkke tilgjengelig lenger
-
43. Operasjon MaxJacob har slått seg og får plaster på. Men mamma riv opp armen til Max så dei må hente sysakene nede, og medan dei er borte finn Bertha plaster til Max også.5 minIkke tilgjengelig lenger
-
44. StjernesøkJacob og Erik vil sjå stjerner, men det er overskya ute. Medan dei et pizza nede vil Max og Svein hjelpe dei, og klarar det på uventa vis.5 minIkke tilgjengelig lenger
-
45. PizzafyllJacob og Guro bakar leike-pizza og går for å leite etter meir deig. I mellomtida gjer Max og Bertha ferdig pizzaen for dei.5 minIkke tilgjengelig lenger
-
46. DetektivarSvein mistar brillene sine, og Jacob og Erik går ned for å leite. Medan dei er borte tek Max og Svein saka i eigne hender og tek ein prat med hunden Norman.5 minIkke tilgjengelig lenger
-
47. PuslespelMolly og Jacob puslar, men manglar den siste biten. Max og Priscilla oppdagar den nedi ventilasjonen og klarar å hente den opp att for barna.5 minIkke tilgjengelig lenger
-
48. La Besta soveBesta skal lese for Jacob, men sovnar medan han finn boka. Max tek jobben med å passe på at ingen ting vekker henne medan Jacob er borte.5 minIkke tilgjengelig lenger
-
49. Gå på lineJacob og Max leikar at Max skal gå på line. Men dei treng noko klissete for å halde Max på lina. Medan Jacob leitar nede klarar Max å gå på liksom-line på akvariet og finne ein teip som kan brukast.5 minIkke tilgjengelig lenger
-
50. Max har bursdagMax har bursdag, men er lei seg fordi Jacob ikkje ser ut til å bry seg. Ein etter ein kjem venene hans til loftet, og saman lurer dei på kva gåve Max skal få frå Jacob. Så kjem Jacob og dei andre barna, og gåva er eit bursdagsselskap.5 minIkke tilgjengelig lenger
-
51. JulestjernaJacob og Besta pyntar juletreet, men når ikkje opp i toppen med stjerna. Dei går for å leite etter ein stige, men medan dei er borte klarar Max å bruke eit troll i eske til å sprette opp i toppen av treet og feste stjerna for dei.5 minIkke tilgjengelig lenger