Jon Fosse ord for ord
Jon Fosse ord for ord
Sjå opplesing av vinnaren av Nobelprisen i litteratur 2023 sine skodespel frå Det Vestnorske Teateret i Bergen.
Sesong 1 42 episoder
-
1. FossefestLinda Eide, Hans Olav Brenner og Det Vestnorske Teateret inviterer til Jon Fosse-maraton i Bergen.19 min
-
2. Nokon kjem til å komeHan og Ho har lengta etter å få vera åleine og kjøper seg eit hus ved havet. Men kva om dei ikkje vert åleine likevel? Kva om nokon kjem?1 t
-
3. Og aldri skal vi skiljastHo sit og ventar på Han. Ho veit han ikkje kjem, for dei er ikkje i lag lenger. Men avtrykka dei sette i kvarandre, forsvinn ikkje. Så ho ventar.1 t 19 min
-
4. GitarmannenIkkje likar han å synga, og han er sånn passe god på gitar. Skal livet berre vera å stå og spela ved ein undergang? Er det dette han vil?52 min
-
5. NamnetEit ungt par ventar barn, men dei får ikkje til å snakka saman om det. Ikkje ein gong eit namn til barnet klarar dei å snakka ordentleg saman om.1 t 14 min
-
6. BarnetAgnes og Fredrik møtest tilfeldig, og snart ventar dei barn. Dei gler seg, men så mister dei barnet. Dei held likevel saman, i håpet og i kvarandre.1 t 22 min
-
7. Mor og barnEin ung mann oppsøker mor si for å finna ut kvifor ho ikkje ønskte han. Kven er ho eigentleg? Ho er pratesjuk og sjølvoppteken, han er ordknapp.53 min
-
8. SonenInst i ei mørk og fråflytta bygd sit ein far og ei mor og lengtar etter sonen sin. Bussen kjem, og snart bankar det på døra til dei gamle foreldra.51 min
-
9. Natta syng sine songarEit ungt par har nett blitt foreldre. Alle tre er heime, men ingen trivst. Ho held det snart ikkje ut lenger. Kanskje ho berre skal forlata han?1 t 15 min
-
10. Ein sommars dagEi eldre kvinne ser tilbake til dagen då mannen hennar forsvann på havet. Den tomme båten og han som aldri kom attende, bind saman notid og fortid.1 t 13 min
-
11. Draum om haustenI denne kjærleikshistoria møtest ein mann og ei kvinne på ein kyrkjegard. Han skal i ei gravferd, men dit kjem han aldri. I staden lar Fosse tida gå.1 t 25 min
-
12. Dei døde hundaneI ei slags krimgåte på vranga ventar ein mann på hunden sin. Hunden er vekke, og han er uroa. Så vert ein svart plastsekk dumpa i innkøyringa.1 t 3 min
-
13. Medan lyset går ned og alt blir svartEin gift mann har funne seg ei ung jente. Jenta forlet Guten, som ho òg har hatt eit forhold til. Men hos den som er forlaten, vert det mørkt.23 min
-
14. VakkertHan, Ho og dottera reiser heim på sommarferie til mor hans, som bur ved fjorden. Det er sommar og vakkert, men under idyllen ligg det spenningar.1 t 12 min
-
15. Leve hemmelegLeve hemmeleg er ein tekst som reflekterer omkring mysteriet til minnet, og trongen til det moderne mennesket til å visa seg fram og bli sett.16 min
-
16. BesøkDen 19 år gamle Jenta sit berre heime. Mor er fortvila. Broren mistenker at noko har hendt, at mora sin nye kjærast har gjort ting mot Jenta.1 t 20 min
-
17. Sov du vesle barnet mittTre personar møter kvarandre. Dei veit ikkje kor dei er, kvifor dei er der dei er – kan hende veit dei heller ikkje kven dei er.18 min
-
18. VinterEi kvinne og ein mann møtest i ein park. Ho seier ho er dama hans og blir med han på hotellet. Det kan enda på ulike vis: både i lukke og katastrofe.53 min
-
19. EttermiddagEin mann og ei kvinne går frå kvarandre. Leilegheita dei budde i, må seljast, og under visninga kjem ein av dei gamle flammene hennar for å helsa på.1 t 11 min
-
20. DødsvariasjonarEit ektepar ser seg tilbake. Dei var ein gong unge og lukkelege, men klarte ikkje leva saman. Samansmelta hendingar frå livet deira speler seg ut.1 t 10 min
-
21. Jenta i sofaenEi jente saknar far sin. Han er sjømann og kjem sjeldan heim. At far er så mykje vekke, gjer at alt raknar heime.1 t 30 min
-
22. LillaEit lite øvingslokale, fire gutar og ein draum.41 min
-
23. Ein raud sommarfugls vengjerTre personar møtest for å snakka om politikk. Dei har ganske ulike syn på kva som er bra og kva som er rett og ikkje. Treng ein politikk?18 min
-
24. SuzannahEit monologisk skodespel som isceneset Henrik Ibsen si hustru Suzannah i tre ulike stadium av livet.1 t 21 min
-
25. Sa ka laEin familie skal feira Mor, som fyller år. Svigersønene veit ikkje at ho har hatt eit slag same dagen. Medan dei skåler, kjempar Mor for livet.1 t 18 min
-
26. Der er duDet er morgon. Mannen har vore hos Den unge kvinna, no ber ho han gå heim til kona si. Mannen kjempar med seg sjølv: Skal han bli?27 min
-
27. SvevnLiva til ti menneske vert vovne saman i ei lita leilegheit.1 t 9 min
-
28. TelemakosTelemakos, son av helten Odyssevs, saknar far sin.40 min
-
29. VarmtTo menn og ei kvinne møtest på ei kai.1 t 10 min
-
30. FridomKvinna, som tidlegare forlét Mannen, kjem tilbake. Fridom er einsemd, har ho funne ut. Men det er for seint, mannen er lukkeleg med Den andre kvinna.17 min
-
31. Jente i gul regnjakkeTre kvinner og tre menn skaper eit bilete av ei jente i gul regnjakke.1 t 1 min
-
32. Der borteMannen og Kvinna står og skodar mot horisonten.19 min
-
33. SkuggarEin mann møter att gamle kjenningar.1 t 14 min
-
34. RambukuEit eldre ektepar står på overgangen mellom liv og død. Kvinna talar, og mannen teier.1 t 15 min
-
35. HavSkipsføraren og Gitarspelaren er om bord i ein båt. Men Gitarspelaren ser ingen båt eller noko hav. Skipsføraren høyrer ikkje gitarspelet.1 t 15 min
-
36. Eg er vindenTo vener går kvar sin veg.58 min
-
37. Desse augaMe møter eit par i to fasar av livet.1 t 1 min
-
38. JuletresongEin mann har vore ute og henta seg eit juletre. Han frydar seg reint over det vesle treet, men så finn han ut at Frelsaren, nei, han finst ikkje.15 min
-
39. Sterk vindSterk vind er eit scenisk dikt, rollene er Mannen, Kvinna og Den unge mannen.1 t 4 min
-
40. I svarte skogen inneEin ung mann køyrer på måfå. Han endar opp på ein skogsveg og køyrer til han set seg fast langt der inne i skogen. Men han er ikkje åleine der inne.1 t 10 min
-
41. Slik var detEin eldre kar slit med å komma seg ut av senga. Kroppen verkar, han nærmar seg slutten på livet. Rekk han be eit Fadervår før alt ebbar ut?44 min
-
42. Leika leikenEin vaksen og eit barn er på veg heim. Dei skal berre leika litt først. Barnet styrer leiken, den vaksne skjønar ingen ting. Så går dei heim.21 min