Svensk dokumentarserie frå 2018. Bergman er ein av dei mest nyanserte og produktive filmskaparane i historia, men livet hans var også problematisk. Ingmar Bergman gjer internasjonalt gjennombrot i 1957. To av dei mest kjente filmane hans kjem ut dette året. Han skriv manus og instruerer på teateret. Han er gift, har seks barn, to elskarinner og frykteleg vondt i magen. Regi: Jane Magnusson. (Bergman - ett liv i fyra akter) (1:4)