I same hi
I same hi
Fru Rev og dottera flyttar til Herr Grevling og barna hans. Det er ikkje alltid lett å få nye søsken. Fransk animasjon.
Sesong 1 52 episoder
-
1. LagåndLabben og Rikke er ueinige om kven av dei som skal delta i holekonkurransen, men kan det vere at samarbeid løner seg?12 min
-
2. Ei ettertrakta holeRikke og Biva finn ei hole dei vil gje til faren til Rikke, men Labben og gjengen vil også leike der. Då må jentene få gutane bort.12 min
-
3. Rotet til WillyWilly samlar på kongler, til alle sin irritasjon. Men dei viser seg å vere kjekke å ha når ein hund vil ete besten.12 min
-
4. HonningjaktaRikke har funne ei bikube og vil hente ut honningen for å overraske Willy og Labben, men Lilly sladrar til rampekattane, som stel honningen. Dei bestemmer seg for å plukke bær i staden, men då finn Lilly noko søtt i skogen.12 min
-
5. Professoren EdmundLabben veddar med Pico om at pappa Edmund skal undervise dei i morgon, men Edmund seier nei. Margaret har ei overrasking på lur til dei!12 min
-
6. MorsdagRikke lagar ein leirfigur til Margaret i morsdagsgåve, men rampekattane øydelegg han. Dei stel også båten som Willy og Labben har laga til minne om mor si, men det vil ikkje Rikke ha noko av!12 min
-
7. OppdagingsferdBendik dukkar opp og tek med seg Rikke og Labben på eventyr, og Labben er redd Bendik berre lyg om alt det kjekke dei skal gjere. Men så kjem ein hund og gjer ting litt for spennande.12 min
-
8. KveldsturLabben tykkjer det er vanskeleg å snakke med pappa Edmund når han er sur, men heldigvis har han stemor Margaret som kan mekle.12 min
-
9. Biva si hemmelegheitDet glepper ut av Rikke at Biva og Ludo skal på date, og gutane vil spionere. Då får Rikke eit svare strev med å ordne opp så Biva og Ludo får vere i fred.12 min
-
10. God som gullPico ser Edmund og Margaret sjekke ut ei ny hole og varslar Rikke at dei skal flytte. Det vil ikkje ungane, så Rikke og Labben øvar seg på å ikkje krangle så fælt så familien ikkje skal splittast.12 min
-
11. BarnevaktMedan Rikke, Lilly og Labben blir med Besta i skogen prøver Besten og Willy å lage trapp heime, men det var visst vanskelegare enn dei trudde.12 min
-
12. God natt, RikkeRikke legg seg på gjesterommet for å sove i fred, og Willy og Labben vil skremme henne. Men Rikke er ikkje lettskremd, så i staden er det ho som gjev Labben ein lærepenge.12 min
-
13. Willy er ein heltWilly er lei av skrytet til Labben og at alle trur han er ein helt, men takka vere rampekattane får Willy sjansen til å prøve seg som helt sjølv.12 min
-
14. KattefellaRikke har byrja å henge med kattane, og Willy og Labben er skeptiske. Det viser seg at dei trener til eit løp, men tvillingane finn det best å vere på vakt.12 min
-
15. FamilielivRikke og Pico er lei av familiane sine og byter for ein dag.12 min
-
16. Pappa eller Biva?Rikke lovar Biva å finne den forsvunne teikninga hennar, men då pappa kjem på besøk er det vanskeleg å prioritere kva ein skal gjere.12 min
-
17. SjelevenerLabben saknar Willy, som er på fisketur, og er sikker på at han kan kjenne at broren er i fare. Han tek med seg Rikke for å undersøkje.12 min
-
18. BamsenLabben mistar bamsen sin, og er veldig flau for at andre skal vite at han framleis har ein slik. Men Rikke og Willy hjelper han med å leite, og undervegs finn dei ut at det å ha bamse er vanlegare enn dei trur.12 min
-
19. VêrhårdagenRevebesta saknar Vêrhårdagen, ein gammal tradisjon der ungane skulle heidre foreldra sine, og søskena bestemmer seg for å gjeninnføre tradisjonen. Men det kan vere vanskeleg å skryte av foreldra sine av og til!12 min
-
20. Den snakkande gulrotaRikke og Labben kranglar om kor familien skal ha piknik hen og vil ha Willy til å mekle. Men han er lei av å aldri bli høyrd og introduserer Den Snakkande Gulrot-leiken.12 min
-
21. Martin er sjefenGjengen må på oppdrag, men Labben må heim og kan ikkje vere sjef. Difor må Martin prøve seg som sjef for fyrste gong, og det er ikkje berre enkelt.12 min
-
22. Dei innbilt sjukeLilly blir sjuk og slepper unna husarbeid, og søskena blir sjalu og prøver seg på det same. Men Edmund og Margaret er ikkje lette å lure!12 min
-
23. Ei forestillingSøskena skal lage ei forestilling for foreldra, men splittast når Labben vil bestemme alt. Dei andre vil lage sitt eige show, men så mistar Labben stemma. Kanskje ein skal gløyme krangelen og samarbeide likevel?12 min
-
24. Rett og rimelegBesten har plukka likt tal bær til kvar av ungane, og Edmund tør ikkje seie at han har ete eit. Han går ut for å finne eit ekstra bær, og i mellomtida blir det full diskusjon i heimen om korleis bæra skal fordelast.12 min
-
25. OvernattingsfestWilly skal sove hos Ludo, så ei seng er ledig i hola. Rikke og Labben kjempar om kven som får invitere nokon på overnatting, men plutseleg er alle opptekne.12 min
-
26. Vener eller fiendar?Rikke og Labben har stole bowlingkjeglene til Willy, men Surpus og Kattsjup knabbar dei. Då må dei gje opp den evinnelege kranglinga si og samarbeide.12 min
-
27. Reve-intuisjonRikke vil bruke reve-intuisjonen sin til å finne ut kven som har stole valnøttene frå lageret, men ender opp med å skulde på alle utan grunn.12 min
-
28. Den magiske kastanjenøttaLabben lurer Lilly til å gje han ein fin stein i byte mot ei "magisk" nøtt. Då hjelper Rikke og Willy Lilly med å lure Labben tilbake.12 min
-
29. SniglejaktaLilly mister si fyrste tann, og Rikke vil sende henne ut på sniglejakt, for det gjer alle revar. Men Edmund er redd og vil ikkje la henne gå, så heile familien må overtyde han om å gje slepp.12 min
-
30. Ein baby! Er dei galne?Søskena trur Margaret og Edmund skal ha baby, og Rikke tek det tungt. Ho vil flytte til faren i staden, men heldigvis er det ei anna overrasking som ventar.12 min
-
31. Ryktet gårEtter ein heime-åleine-fest har ungane ramponert hola, og skuldar på ein ulv. Ryktet sprer seg i skogen, og søskena skjønar at løgn ikkje alltid lønar seg.12 min
-
32. Willys løyndomWilly gjer noko hemmeleg som alle i familien vil finne ut av. Men då søskena finn ut at foreldra også vil snoke, vil dei heller hjelpe broren å halde løyndommen for seg sjølv.12 min
-
33. Meisteren WillyWilly skal passe på smykket til Rikke, men rampekattane stel det. Det blir ein kamp for å få det att, men ved hjelp av venane sine klarar Willy å få smykket tilbake til slutt.12 min
-
34. VaksenlivRikke, Labben, Willy og Martin er lei av plikter og vil flytte heimanfrå. Men Margaret gjev dei ei lita lærepenge, og ungane skjønar at det kanskje er greitt å bu heime litt til.12 min
-
35. Skatten til BestenBesten fortel om ein skatt han gøymde i skogen som ung rev, og søskena dreg på skattejakt.12 min
-
36. Ein ny pappaLilly syns Edmund er keisam og vil finne seg ein ny pappa. Men mot alle ho testar blir Edmund ganske bra likevel.12 min
-
37. KrangelBesta og Besten kranglar, og søskena blir redde for at dei skal skille seg og vil hjelpe dei å bli vener att.12 min
-
38. SkogsballFamilien må i all hast overta arrangeringa av Skogsballet, men Edmund er redd for å danse. Etter råd frå Besta bestemmer søskena seg for å lære han det.12 min
-
39. Kunsten å finne vegenRevebesten skal lære Rikke og Willy å finne vegen i skogen, men Edmund stolar ikkje på han og følger etter. Men det viser seg at det kanskje er dei vaksne som kunne trengd å lære å finne vegen.12 min
-
40. Flygande grevlingSøskena skal på eventyr. Willy og Lilly vil ut og fly, og Rikke og Labben gjer noko som blir i farlegaste laget - men heldigvis kan Willy og Lilly trå til med oppfinninga si.12 min
-
41. Saman igjenRikke og Labben har fått nok av kvarandre og familien og legg ein plan for å føre Bendik og Margaret saman igjen. Men dei vaksne er ikkje med på notane, og søskena må tenke gjennom om det finnast positive sider ved kvarandre likevel.12 min
-
42. Martin ler rartLabben, Rikke og Willy oppdagar at Martin har ein rar latter og tergar han for det. Men Martin blir lei seg og vil finne nye vener, og då må søskena seie unnskyld.12 min
-
43. Lilly får ein venLilly er misunneleg på storesøskena som har så gode vener, og finn ein pinne som skal vere bestevenen hennar. Men Milly, som pinnen heiter, skapar litt styr også.12 min
-
44. Willy er ei pyseWilly blir angripen av bier og blir redd for å gå ut. Søskena bestemmer seg for å gje han eit sjølvforsvarskurs for å tøffe han opp.12 min
-
45. Bjella til RikkeLabben og Willy finn ei fin bjelle i skogen, og Rikke seier den er hennar. Men sidan ho påstår at ho eig alt mogleg trur dei ikkje på henne. Men kanskje Rikke for ein gongs skuld ikkje finn på?12 min
-
46. KjærastekveldenDet er Kjærastekvelden, då alle forelska gjev kvarandre gåver. Willy lagar ei gåve, og Rikke og Labben trur han er forelska i Biva. Men Biva er forelska i Ludo! Dei må prøve å skåne Willy frå å dumme seg ut.12 min
-
47. SamarbeidRampekattane stel dragen til søskena, og dei knabbar kofferten tilbake. Kattane lurer dei når dei skal byte ting, og Surpus og Rikke blir sitjande fast i skogen saman. Kanskje eit samarbeid må til?12 min
-
48. KrakaboenRevebesten fortel eit fælt eventyr om krakaboen, eit troll som stel ungar, og søskena blir livredde. Og rampekattane bestemmer seg for å skremme dei litt ekstra.12 min
-
49. Hemmelege venerLabben blir fornærma når Martin leikar med Ludo, men han vil ikkje leike det same som han. Men Labben innser at han sjølv kanskje er litt for sjefete, og det kan vere greitt å la andre bestemme av og til.12 min
-
50. MedaljenWilly er hjelpsom og får låne Edmund si Hjelpsom grevling-medalje. Labben blir sjalu og vil ha den, men fyrst må han forstå greia med å hjelpe andre og ikkje seg sjølv.12 min
-
51. Sladrehanken LillyLilly er fæl til å sladre på søskena sine, så Rikke og Labben lærer henne å la vere. Men når dei havnar i alvorleg trøbbel må Lilly innsjå at sladring kanskje kan vere bra likevel.12 min
-
52. Løftet til BendikRikke tør ikkje stole på at Bendik stiller opp, og han bestemmer seg for å gjere noko ekstra flott. Men så går det gale, og det ser ut til at Rikke gjer rett i å ikkje stole på han. Då må Bendik legge seg i selen for å motbevise det.12 min