Historia om Sverige
Bli med skodespelar Simon J. Berger på ei forrykande reise gjennom den svenske historia, frå istida og fram til i dag.
Sesong 1 10 episoder
-
1. SteinalderenRundt 14.500 år sidan slår dei fyrste menneska seg ned. Dei har mange ritual for å heidre gudar og vise makt. Men så kjem jordbruket og endrar på alt.58 min
-
2. MetalltideneSteinalderen er over og blankt metall lokkar bebuarane ut på reise. Lange og farefulle ferder leier til mykje kunnskap – og krig.57 min
-
3. VikingtidaVikingane gjer seg til kjenne for heile Europa og bringer med seg store rikdomar heim til Norden. Ein ny religion utfordrar dette levesettet.58 min
-
4. Gud gir og Gud tarDet er gode tider. Avlingane gror, økonomien blomstrar og folketalet veks. Men ein pest kjem snart til å utslette ein tredel av folket.58 min
-
5. Kampen om tronaBlodige opprør og maktkamp set preg på tida etter svartedauden. Mange gjer krav på den svenske trona, men berre ein kan vinne.59 min
-
6. Stormakta SverigeVesle Sverige blir ei stormakt i Europa. Langt frå storpolitikken lever folk som før, men det er dei som må betale for suksess på slagmarka.58 min
-
7. Hekser og krigMilitærstaten Sverige er høgt akta i Europa. Men landet går òg gjennom vanskelege tider, med heksebrenningar, dårlege avlingar og pest.58 min
-
8. Nye tiderSverige har blitt eit fattig land etter dei endelause krigane til Karl 12. Men frå oska reiser det seg ein nasjon med nye tankar, vitskap og idear.59 min
-
9. Folket tar maktaPå 1800-talet tar Sverige steget mot eit meir demokratisk samfunn. Reformar, vaksinar og nyvunnen fred gir ein befolkningseksplosjon.57 min
-
10. Verdas mest moderne landPå 1900-talet går Sverige frå å vere eit bondesamfunn med store klasseforskjellar til eit av dei rikaste landa i verda. Men tida står ikkje stille.59 min